Mitchell og meg

Joni Mitchell er verdas beste låtskrivar. I vinter hadde vi ti-års jubileum, Mitchell og meg.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første gong eg høyrde Joni Mitchell var eg tretten år. Eg hadde fått albumet hennar Blue på CD frå ein av musikar-venene til pappa, Daffi. «Du vil ikkje skjøne det no,» sa han. «Men om eit par år kanskje, og då vil du bli utruleg glad for at du fekk det av meg.» 

Det var til jul. Andre juledag låg eg meg ned på rommet mitt, lei som ungdom lett blir av familie, låg CD-en i CD-spelaren og tok på meg eit par øyretelefonar. 

Medan eg låg der i senga starta Joni sin første song, «All I Want». Lyden av dulsimer, eit strenginstrument i familie med sitaren, skar meg i øyra, det høyrest skeiv og surt ut, skranglete. Og så denne unge jenterøysta, som song så ulikt alt det andre eg hadde høyrt på tida, litt mjukt som ein fugl, litt hardt som ein katt, medan røysta hennar sprang hit og dit.

Sånn låg eg, dei fire første songane. Litt skeptisk, litt fascinert, fascinert nok til å ikkje skru det av med ein gong, i alle høve. Kanskje var det fordi Daffi hadde sagt at eg ikkje kom til å forstå det, kanskje var det nett litt trass som fekk meg til å høyre vidare.

Gjennom pianoballaden «My Old Man», dulcimerballaden «Little Green», songen om dottera til Mitchell sjølv, og «Carey», ein rastlaus djevel av ein låt som handlar om eit hippiefellesskap på Kreta, og det å reise frå folk ein er glad i. Låtar, som alle er fantastiske. Men ingenting av dette skjønte eg då, for då var alt så rart og underleg, synst eg, og tenkte at han Daffi, han måtte vere rar. Men det er jo litt kult, òg, tenkte eg, å vere rar.

Og så kom «Blue». Tittelsporet på plata. Den vakraste kjærleiksongen som nokon gong er skrive, ein kjærleikssong om kjærleikssongen, kjærleikssongen over alle kjærleikssongar. Pianoet startar, med ein liten melodi, og det blir tyst, før Mitchell kjem inn åleine med den såraste røysta eg nokon gong hadde høyrt, ho synger ordet «Blue», som jo tyder blå, men meir enn ordet trur eg det var alle tonane og fargane i røysta hennar som fekk tårene til den tretten år gamle Kristina til å sprette fram i augnekrokane.  

Eg kunne ikkje forstå kva som hadde skjedd. Etter det måtte eg berre høyre låten igjen og igjen. Litt etter kvart lytta eg på dei andre songane, og ein etter ein åt dei seg under huda mi, alle saman. Balladane kom først: «River», «A Case of You», «This Flight Tonight», og så seinare kom dei litt raskare songane: «All I Want», «Carey» og «California», og på eit eller anna vis veva dei seg inn i kjøtet mitt. Sidan den gong har eg høyrd på dette albumet, og det er få andre album som i like stor grad gjev meg kjensla av å møte nokon som set ord og tonar på noko som finst i djupna av meg, men på eit vis som er finare enn eg kan forstå. 

Kvifor er Mitchell så bra? Noko av svaret ligg i tekstane, som uansett er det lettaste å skrive om her. Tekstene til Joni Mitchell er dikt, dei er blant dei verkeleg få songtekstene som kan lesast åleine, utan musikk, og framleis vere gode. 

Dei fleste songane til Mitchell plasserer seg imellom. Imellom kva då? Imellom kjærleiken og sorga. Imellom heimen og borte. Det er songar som er på veg, bort frå kjærleiken, bort frå byen, det er songar som står i det som har vore og i usikkerheita om kva som kan bli. Det er songar som er rastlause, og som berre finn ro i melankolien, og i lengselen. 

Det er mange songar om reiser på albumet, og Mitchell er som ein vagabond, som reiser i verda og i kjenslene. For i dette albumet hengar dei alltid saman, reisene, kjærleiken og kjenslene. Som i «Carey», ein avskjedssong til Kreta og Cary, kokken med det raude håret og stokken,  «This Flight Tonight» der Mitchell landar i Las Vegas og angrar på å ha reise frå kjærasten sin, og «California», som handlar om å reise rundt i Europa men å lengte heim til heimen, og kanskje ein mann der: Will you take med as I am, strung out on another man, California I'm coming home. Albumet handlar om alt dette, å reise frå, og reise bort, å gjere som ein vil og vone at nokon kan elske ein, likevel.

Tekstane er alltid poetiske, men aldri tomme. Det er noko skarpt i dei, imellom det vakre, noko som er i stand til å kutte inn gjennom huda, gjennom huda og inn til alt under. I «Blue» startar Mitchel med å synge om songen: Blue, songs are like tatoos, og eg er sikker på at ho har rett, for desse songane verkar som dei har tatovert seg inn i huda mi.

Det er ei bøn i «Blue», ei bøn til lyttaren, kanskje først tenkt til ein lyttar, ein mann Mitchell elskar, men når songen kom på plata, retta mot alle lyttarar. Frå metaforen som songar som tatoveringar går ho nemlig vidare, inn i skipsmetaforen: You know I've been to sea before. Crown and anchor me, or let me sail away. Mitchell ber om ei hamn å ankre opp i, om nokon som vil halde henne fast.

Sjølv om «Blue» kjem midt på plata, er det på mange vis den siste songen, og den ultimate songen: Etter at Mitchell har reist og sett kjærleiken frå mange vinklar, er ho her heilt direkte og ærleg: Ta meg, eller la meg gå.  Ho ber. Ho syng til ein som er like unnvikande som ho sjølv har vore resten av plata, der ho har reist avgarde frå alle som har elska henne. Og vi skjønnar, vi skjønnar sjølvsagt at han ikkje vil ta henne. Seinare i songen syng ho: Blue,I love you, og det er ein desperasjon i dette, i å seie det rett ut. Songen avsluttast med eit sukk, og ein godnattsong, etter at Mitchell veit at han er tapt: Blue, here is a shell for you, inside you'll hear a sigh. A foggy lullabye. Here is your song from me. Mitchell veit at han ikkje aksepterer kjærleiken. Alt ho har igjen er songen.

Men om Mitchell ikkje klarer å ankre han fast, så ankrar ho mange av oss andre. Eg har vore ankra opp med denne songen, og denne plata, i mange, mange år.Av og til reiser eg ut og høyrer på andre. Og det er greit, for eg kjem alltid attende til Mitchell, det er ho som er hamna mi. Det er Mitchell og meg.


Først publisert på Magasinett.