Har funne spor etter meterlang skorpion

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese intervjuet med 12 år gamle Kala som var utviklingsminister for ein dag.

Viss du har vore på ferie i varme land, har du kanskje sett ein skorpion. Dei er som regel mellom 1 og 20 centimeter lange, og er kjende for å ha sterke klyper og ein hale med ein giftig brodd.

Sjølv om dei fleste av desse små krypdyra heldigvis er ufarlege for menneske, kan dei vera skumle nok. Kva hadde du tenkt dersom du kom over ein liknande skapning som var like stor som ein hund?

Fann ein «superskorpion»

Store havskorpionar, kan ha vore eit av dei skumlaste rovdyra som vandra rundt på havbotnen i Sør-Kina for meir enn 400 millionar år sidan. Det slår ein ny studie fast, skriv Independent.

Arkeologar i Kina fann nyleg restar av ein «superskorpion», som var om lag ein meter lang. Det betyr at han er så mykje som 16 gonger større enn dei skorpionane me er kjende med i dag, og om lag på storleik med ein hund.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Håpar å finna ut meir

Arkeologane meiner at skorpionen, med det latinske namnet «Terropterus xiushanensis», levde for ein stad mellom 443 og 419 millionar år sidan. Det skriv Nanjing Institute of Geology and Palaeontology i ei pressemelding.

No håpar forskarane at dette fossilet vil vera til hjelp for å finna ut meir om arten, då det er den første av sitt slag som er vorten oppdaga på 80 år.


Den franske kaninrasen «sauteur d’Alfort» kan ikkje hoppa på grunn av ein mutasjon i RORB-genet. Foto: Carneiro et al. 2021