Har du kome i skade for å bite i fyrstikkeska heller enn brødskiva? Då er du truleg ein slektning av Velimir Khlebnikov.

Erlend Skjetne
Publisert
Oppdatert 25.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ordet «klebb» står ikkje i ordboka. Heller ikkje med den trønderske uttalen, «klæbb». Dette endå mange store menneske har vore utprega klebbar, ikkje minst russaren Khlebnikov.

Blir kløner diktatorar?

Men fyrst til ein annan russisk forfattar, Josef Brodskij. Han sa ein gong: «Det sikraste forsvaret mot vondskap er ekstrem individualisme, originalitet i tankegangen, det å vera distré eller klønete eller rett og slett eksentrisk.»

Dette trur eg kan diskuterast – har ikkje ein del veldig vonde menneske i historia òg vore eksentriske? Men poenget er openbert: Er ein både eksentrisk og surrete, rotete, klønete, distré og så bortetter, er det avgrensa kva udådar ein kan greie å utrette i verda – iallfall om ein tenkjer på den medvitne vondskapen, ikkje dei tilfeldige katastrofane ein kan gje næring til gjennom slurvefeil og forgløymingar.

Her kunne eg ha sagt mykje om mine eigne fadesar, som å ta på meg éi svart og éi kvit sko på veg ut døra om morgonen, og ikkje oppdage feilen før på bussen. Men la oss heller vende blikket vidare austover, mot Khlebnikov.

Futurist og mystikar

Velimir Khlebnikov oppfylte som fåe andre vilkåra i Brodskijs tese – han var djupt original og samstundes djupt eksentrisk. Han vart fødd nær Astrakhan i 1885, og fekk diverre eit nokså kort liv.

Han var ein skolert type, som riktig nok aldri tok nokon eksamen, men som heller vigde livet sitt til litteratur og jakta på store sanningar om skjulte samanhengar i den menneskelege historia. Sjølv meinte han å ha avdekt dei løynde matematiske strukturane som styrer historia, og hevda at desse i framtida ville gjera det mogleg for menneska å føresjå krigar og katastrofar, som samtida hans jo var full av.

Han fann opp mengder av nye ord, og i Russland finst det dei som meiner at han skreiv uforståeleg jamvel på russisk – eller i alle fall uomsetjeleg. Like fullt greidde Mikael Nydahl og Gunnar Wærness i 2011 å gje ut ei attdikting av sentrale Khlebnikov-dikt til norsk, under tittelen Tidens ingenkonge.

I det fyldige etterordet til denne boka kjem ein del opplysningar om Khlebnikov, som på den eine sida er veldig gjenkjennelege for meg, og på den andre sida får meg til å storflire. I samtida si vart Khlebnikov visstnok framstilt som …

«… en sky og grenseløst upraktisk mann, tankespredt i den grad at han går utendørs i bare skjorta midtvinters. Han fikk penger for å kjøpe en vinterfrakk, men kom hjem med japanske papirservietter. Han oppbevarte sine manuskripter i et putevar, vasset i dem på gulvet, mistet dem til høyre og venstre. Han bet i fyrstikkesken i stedet for brødskiva. Han gjorde en sjekk verdiløs da han badet med den i lomma. Adresser og nøkler rant ut mellom fingrene på ham. Han gikk ut uten sko. Han lånte penger for å gå på stevnemøte, av sjenanse spiste han i taushet, fikk ikke fram et ord. Spredte forelskelser førte aldri til noen relasjon. Man kunne ikke la ham lese korrektur, fordi da skrev han bare en ny tekst. Han brydde seg ikke om diktene sine etter at han hadde skrevet dem. Når han skulle lese offentlig, begynte han med uhørlig røst å framsi de første versene, deretter utbrøt han «og så videre og så videre», og gikk av scenen. Og så videre. De fleste historiene underbygger ett og samme budskap: Khlebnikov var ikke «av denne verden».»

Eit vesentleg menneske

Men som Nydahl og Wærness påpeiker: Likevel greidde Khlebnikov å skrive, og sjølv om mykje har gått tapt etter han, er det ingen tvil om at han er ein sentral figur i russisk litteratur. Og når ein tenkjer på det, endar jo mange med eit ettermæle langt verre enn Khlebnikovs: Ein kan vera psykopat, despot, ein som utnyttar og misbruker menneska ikring seg – men til den slags er klebbar altfor klebbete.

Tenk på dette, neste gongen du gjer narr av ein lærar som leitar etter brillene han har på nasen, når du rister på hovudet ved synet av ein stakkar som freistar sykle samstundes som han dreg ein trillekoffert etter seg, når du kjeftar på ein familiemedlem som legg skoskeia i kjøleskapet.

Ein siste ting: Sjølv har eg alltid tenkt på klebben som ein typisk trønder, ikkje heilt ulik meg sjølv. Men Khlebnikov viser at ordet «klebb» har eit universelt innhald. Det skulle ikkje forbause meg om den språkinteresserte russaren ein eller annan gong kom over omgrepet og ville nytte det i eit dikt – for så å miste lappen der han noterte det.


Illustrasjonsfoto: Kelly Sikkema/Unsplash. Dikt: Gene Dalby. Kollasj: Framtida.no