Vesaasvinnaren ville sett Oscar-nominerte Inga Ibsdotter Lilleaas spele karakteren sin.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Frå barneskulen og langt inn på ungdomsskulen levde eg eit slags parallell-liv der eg halvparten av tida oppheldt meg i Harry Potter-universet.

Det skriv Anne-Lise Frøland i ein e-post til Framtida.no. Ho minnest at ho las Harry Potter-bøkene opp att og opp att.

– Det hende at eg skulka skulen for å gå heim og lese, avslører forfattaren, som nyleg fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for debutboka Tynne rivner av lys.

 

Fakta

Namn: Anne-Lise Frøland

Frå: Ålesund

Utdanning: Lektor i nordisk, historie og filosofi, forfattarstudiet i Bø.

Yrke: Lektor og forfattar

Kor mykje les du sjølv? Aner ikkje, ein god del. I gode periodar les eg gjerne fleire bøker i veka, i dårlege periodar mykje mindre. Eg har aldri ført noko rekneskap. Det siste året veit eg likevel at eg har lese tragisk lite. Eg skuldar på barseltåke og ammetåke og eventuelle andre tåker.

Om debutboka blir filmatisert, kan Frøland sjå for seg Oscar-nominerte Inga Ibsdotter Lilleaas i hovudrolla.

– Trur ho kunne blitt ei fin Solli, slår ho fast.

Inga Ibsdotter Lilleaas i den Oscar-vinnande filmen Affeksjonsverdi. Foto: Nordisk Film Distribusjon

Pennestrøk i Virginia Woolf

Frøland hugsar ikkje så mykje av kva som vart lese til ho som barn, men ho hugsar at mora las den første Harry Potter-boka for ho og den mellomste broren hennar.

Bokomslag: Kazu Kibuishi / Cappelen Damm

– Mest hugsar eg at mor mi pressa veldig på at eg skulle lese bøker sjølv. Det er eg svært glad for i dag.

På vidaregåande var det framleis fantasy som gjaldt, men då oppdaga Frøland også seriane om Julie og Folket på Innhaug av Anne Karin Elstad.

– I ettertid ser eg at denne lesinga sannsynlegvis kan ha påverka meg noko då eg skreiv Tynne rivner av lys, som er litt artig då dette er bøker eg nesten hadde gløymt at eg ein gong hadde eit svært nært forhold til.

I dag les 32-åringen overalt, men stort sett i sofaen heime. Ho er i stor grad altetande, men då ho var djupt inne i redigeringsarbeidet med Tynne rivner av lys, var det heilt umogleg for ho å lese skjønnlitteratur.

– Då eg plutseleg sat der med pennen og strauk eit ord i Til fyret av Virginia Woolf skjønte eg at det hadde klikka for meg – så då heldt eg meg til essaysamlingar vidare.

Godt og vondt

Frøland er svært oppteken av tekstar som på eitt eller anna vis krinsar kring rett og gale eller godt og vondt.

– For meg handlar alt interessant om kjærleik på eitt eller anna nivå. Og vilje. Til fyret er jo ei slik bok som i veldig stor grad handlar om vilje og forventningar. Sin egen herre også for den skuld.

Foto: Skald forlag

Forfattaren meiner det er handverket som avgjer om ei bok er god eller ikkje, og så må ho vere interessant.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg trur eg skal svare ganske breitt her: nemleg forteljinga. Eg kan godt like romanar som så å seie er utan handling, for ikkje å snakke om bodskap, men eg trur vi av og til undervurderer kvaliteten i ei god forteljing. Både som enkeltmenneske og samfunn.

Ho trekker fram Keiseren av Portugalia av Selma Lagerlöf, som ho synest er «ufatteleg vakker».

– Den handlar om noko så vakkert og evig allment som ein fars kjærleik til dotter si.

I tillegg til desse bøkene meiner Anne-Lise Frøland at alle bøker får deg til å tenke.

Håpar på det beste

Forfattaren Frøland ville invitert på middag, er Anne B. Ragde.

Om ho berre skulle ha lese bøker frå ein forfattar heile livet, måtte det ha vore nokon som har skrive mykje og variert.

– Elles trur eg at eg hadde blitt gal. Eg er ikkje så veldig trufast på den måten der at eg med glede hadde lese den same forfattaren livet ut. Eg er likevel veldig glad i Olga Tokarczuk, Marguerite Duras, Linn Ullmann, Virginia Woolf, Selma Lagerlöf, Elena Ferrante …

32-åringen fortel at ho kan kjenne seg att i delar av karakteren Mrs. Ramsay i Til fyret, spesielt i relasjon til den yngste sonen og til mannen sin.

Ho har aldri skjønt seg på å skulle førebu seg på å bli skuffa.

– I mitt hovud er det mykje betre å håpe på det beste. Om eg er forsinka og veit at det kjem til å ta minst ein halvtime før eg er ein stad, kan eg til dømes finne på å seie at eg er eit kvarter unna. Det kan jo vere at det plutseleg går frykteleg mykje raskare enn eg hadde trudd, og så får eg dempe kjensla av kor forsinka eg er overfor den som ventar. Slik kan alle leve i trua på at det berre tek femten minutt, og då er det ikkje så ille med nye femten minutt – når det faktisk berre er femten minutt.

– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?

– Den eg arbeider på no, hehe.