Økologisk landbruk mest lønsamt
Økologiske mjølke- og sauekjøtprodusentar her i landet har dei siste åra vore meir lønsame enn ikkje-økologiske bruk, viser nye tal.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Økologisk mest lønsamt
Det går fram av utrekningar Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) har gjort. Utrekningane byggjer på driftsgranskingane i jordbruket, heiter det på nettsidene til instituttet.
Forskarane har sett på utviklinga for 21 mjølkebruk frå 2007 til 2011 og fem økologiske sauebruk frå 2006 til 2010 og samanlikna desse med konvensjonelle bruk. Dei økologiske bruka er då dei som då kjem best ut økonomisk.
LES OGSÅ: Økologisk areal aukar
For sauebønder er det truleg mindre krevjande å driva økologisk enn vanleg sauehald, meiner forskarane. Dei peikar på at resultatet blir betre for økologiske sauebønder som set på så mange sauer som det er grovfor til, enn for konvensjonelle bruk med like mange dyr, heiter det på nettsida til landbruks- og matdepartementet.
– Den største utfordringa for dei økologiske mjølkeprodusentane er å skaffa nok grovfor. Dei økologiske brukarane har lågare kjøtproduksjon enn dei konvensjonelle brukarane, og ved lite grovfor er det meir lønsamt å produsera mjølk enn kjøt, heiter det. (©NPK)