Folk skjuler kunnskap for kollegaer

Tilsette som skjuler kunnskap for kollegaer skaper ein spiral av mistru, ifølgje BI-forskarar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skjuler kunnskap for kollegaer

BI-forskarane Christina Nerstad og Anders Dysvik har sett på kvifor kollegaer skjuler kunnskap for kvarandre.

– Bak kunnskapsskjulinga kan det liggja at dei tilsette føler mistillit eller at dei ikkje stoler på kvarandre. Nokon kan også ha eit ønske om å beskytta seg sjølv eller skaffa seg fordelar ved at dei har kunnskap som kollegaene ikkje har, seier Nerstad til Dagens Næringsliv.

I tidlegare undersøkingar er det kome fram at omtrent ti prosent av dei spurte har opplevd skjuling av kunnskap, men forskarane trur det er ei stor underrapportering i svara frå dei tilsette.

Kunnskapsskjulinga kan bli synleg på fleire måtar.

LES OGSÅ: Gransking: – Kvinneleg sjef er best

– Nokon kan spela dumme og lata som dei ikkje har kunnskap. Andre seier berre litt av sanninga. I nokre samanhengar kan også leiaren bli trekt inn som forklaring på at dei ikkje vil seia noko, fortel Nerstad.

Når først nokon ikkje vil dela kunnskap, kan det raskt utvikla seg ein negativ spiral, som til sjuande og sist går ut over arbeidsmiljøet. Kollegaer vil ofte oppfatta det som dårleg oppførsel og negativ åtferd. Mistrua fører til at kollegaen svarer med same mynt og held tilbake kunnskap. Forskarane konkluderer med at kunnskapsskjuling hemmar både kreativiteten til den enkelte og effektiviteten til bedrifta. (©NPK)