– Aktive born mobbar mindre
Onsdag hadde Vikemarka skule besøk av Leikepatruljen, som har vore ein stor suksess i Ålesund kommune. No vil Vikemarka skule leggje til rette for meir aktivitet i friminutta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For fire år sidan vart programmet Leikepatruljen starta opp i Ålesund kommune, og alle barneskulane er med. Målet er å skape meir aktivitet i friminutta på skulen, og også få med seg dei som vel stillesitjande aktivitetar. Stig Johansen er koordinator for Leikepatruljen i Ålesund kommune, og seier at tilbakemeldingane på programmet berre har vore positive.
– Vi ser at aktive born mobbar mindre då det ikkje vert tid til mobbing om dei er aktivitet. Aktivitetane er aldersblanda, og det er elevstyrt leik. I tillegg synest elevane sjølve at det er artig.
– Har smilet på lur
Tysdag vitja Johansen Vikemarka skule der dei ynskjer å innføre programmet.
– Utviklinga viser at det vert meir og meir stillesitjing framfor pc og tv, og statistikken viser at 15-åringar brukar førti timar i veka på denne måten. Vi legg opp til aktivitetar med rørsle og glede, og elevane her på Vikemarka har alle smilet på lur og merkar ikkje at dei vert fysisk slitne fordi dei har det kjekt, seier Johansen.
– Meir leik enn idrett
På Vikemarka skule er lærarane Frode Sundnes og Jetmund Vartdal som har teke initiativet til å prøve ut Leikepatruljen.
– Dette skal vere meir leik enn idrett, og det skal vere både fysisk og sosialt. Målet er at det skal auke trivselen og vere inkluderande samstundes som det minskar mobbing og plaging. Det er også eit mål å få med dei som er litt tilbakehaldne, og få dei til å melde seg på gjennom programmet, seier Sundnes.
LES OGSÅ: Små skular har mest mobbing
Aktivitet i friminutta
Leikepatruljen er eit frivillig tilbod for elevane. Samstundes skal aktivitetane vere elevstyrte. Målet med samlinga onsdag var å lære opp elevar til å vere instruktørar. Johansen gjekk gjennom fleire aktivitetar som kan nyttast i friminutta med 6.-klassingane på Vikemarka. Desse elevane er plukka ut til å vere instruktørar.
– Vi har ti friminutt i veka, og slik vi tenkjer det skal det vere eit tilbod i 2–3 friminutt framover for å sjå korleis det fungerer, seier Vartdal.
Dei to lærarane ved Vikemarka har vore på kurs i Ålesund, og bestemte seg ganske raskt at dette var noko som ein burde prøve.
– Planen er at starten skal vere inneverande år. Det er også viktig at vi dreg med oss heile kollegiet om dette, og at heile skulen er samla.
– Fleire på veg
Alle barneskulane i Ålesund kommune tek del i Leikepatruljen, og fleire skular har fått opp auga for programmet.
– Ørsta er no på veg, og det same er Sula. Dette programmet er adoptert frå dansk skule, og tilbakemeldinga er veldig positive. Programmet vart seinast omtalt i årsrapporten til rådmannen i Ålesund med rosande ord, seier Johansen som legg til at ei nettside, leikepatrulje.nu, snart vert lansert.
Frode Sundnes (t.v.) og Jetmund Vartdal fekk også prøvd ut aktivitetane.