Klemming er på veg tilbake
Meir enn fire av ti nordmenn seier at dei har gitt nokon ein klem den siste veka, viser tal frå Norsk koronamonitor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norsk koronamonitor frå Opinion har gjennom pandemien spurt 25.500 nordmenn om dei den siste veka har gitt ein klem til nokon som ikkje bur i eigen husstand.
I august seier 43 prosent at dei har gitt nokon ein klem. Det er 8 prosentpoeng høgare enn i juli og heile 19 prosentpoeng over gjennomsnittet for pandemien.
– Under pandemien er dette klemmerekord med klar margin. Men eit fleirtal prøver framleis å halde igjen på å klemme dei dei ikkje bur saman med, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.
Nesten fire av ti, 37 prosent, seier at dei den siste veka har vore i situasjonar kor mange var samla utan at det var mogleg å halde ein meters avstand til andre. Dette er 7 prosentpoeng høgare enn i juli og er òg høgaste nivå som er målt.