Stilla er fridomens fiende

Det er lett å la seg pasifisere. Det er lett å lukke auga, å sjå bort, og overtyde seg sjølv om at det ikkje vil hjelpe, uansett.

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Nokon reiser på ferie til eit land med sol
mens nokon sit i sola sit nokon i fengsel
mens nokon sit i sola signerer nokon
sin livstidsdom i blinde
med eit fingermerke, med hendene
bundne på ryggen
det finst ikkje prov
det finst ikkje presse
ingen til å fortelje det vidare

for nokon er orda
livsfarlege
for andre
meiningslause

og det er lettast
alltid
å halde kjeft
er det ikkje?

Dette diktet skreiv eg etter at eg hadde kome heim frå Marokko. Eg hadde vore tre veker i Essaouira, ein liten kystby lands Atlanterhavet, ein plass som både Torbjørn Egner og Jimmi Hendrix har vitja. «Kardemommeby» og «Castle in the sand» skal begge vere basert på Essaouira og stranda her. Essaouira er ein vakker og romantisk plass. Uheldigvis er ikkje landet Marokko like gode og snille med sitt eige folk, som med turistane. Men kvifor var eg der?

Eg var i Essaouira for å skrive. Eg hadde fått leige eit hus av ei venninne av mamma, litt utanfor byen. Der sat eg i tre veker, med to venninner som skriveselskap. I siste delen av ferien bestemte vi oss for å reise inn til hovudstaden, eit par dagar, før vi skulle heim. Og det var der eg fekk ei melding, dagen før eg skulle heim, om at tjuefire folk sat i ein millitærdomstol og risikerte livsvarig fengsel, i byen Rabat, seks timer unna.

Eg hadde lenge visst at det er ein militær konflikt i Marokko. Heilt sør i landet finner vi Vest-Sahara, eit område som saharawianarane har kjempa for å gjere til ein eige nasjon. Vest-Sahara er okkupert av Marokko, og både FN og Haag-domstolen har fordømd okkupasjonen. Okkupasjonen starta i 1975, då Spania trekte seg ut av landet, som til då hadde vore ein spansk koloni med namnet Spansk Sahara. Då spanjolane trekte seg ut gjorde både Marokko og Mauritania krav på landet, men Marokko rykte inn med militære styrkar og tok landet med makt. I etterkant har dei sendt fleire og fleire av sine eigne statsborgarar ned i landområde. I dag er tilbyr marokkanske myndigheiter store skattelettar og subsidiar til marokkanarar som flyttar ned til Vest-Sahara og startar med jordbruk og anna næring.

Då eg var i Marokko møtte eg fleire som vurderte nett dette. Chak, eigaren av ein restaurant i nærleiken av huset eg budde, fortalde at mange gjorde seg rike. «Du får pengane til å starte, dei betaler deg for maskinar og dyr og korn og alt, og så slepp du å skatte! Det er latterleg å drive restaurant, berre arbeid og ingen pengar.» Då eg spurde han om han ikkje tykte det var litt dumt for landet som heilskap at folk blei rike utan å skatte, rista han på hovudet av meg. Eg turde ikkje spørje han om han visste at grunnen til skatteletta var at Marokko ville styrke sin posisjon i eit område dei har okkupert. Det er nemleg ikkje særskilt populært å snakke om okkupasjonen i Marokko.

Då eg fekk vite om rettsaka til dei tjuefire saharawianarane hadde eg lyst til å reise. Men det var dagen før eg skulle heim, og før eg fekk tak i folka i Vest-Saharakommiteen hadde halve morgonen gått. Dei hadde ikkje fått sendt nokon til rettsaka, som dei vanlegvis pleidde, fordi saka i fleire omgangar hadde blitt utsett. Det er ikkje så lett å reise frå Noreg for å vere med på ei rettssak på kort varsel, så å utsetje og utsetje er ein lett og grei måte å hindre observatørar frå å delta. Eg visste at skulle eg rekke flyet mitt morgonen etter, så ville eg maks får to timar med av rettsaka, og tolv timar på buss. I ettertid tenkjer eg at eg burde gjort det, men på min siste dag i Marrakech verka det langt, og til liten nytte. I reisefølgjet var vi delt: Ei sa ho kunne bli med, men ei anna såg på meg, og spurde: Kva nytte trur du at du kan gjere? Eg beklagar, men eg trur ikkje det vil hjelpe i det heile.

Det er lett å la seg pasifisere. Det er lett å lukke auga, å sjå bort, og overtyde seg sjølv om at det ikkje vil hjelpe, uansett. Eg veit det, for eg lét meg sjølv gjere det. Eg var i Marrakech og reiste ikkje til Rabat. Eg følte meg kvalm den dagen, for eg visste at eg lét vere å gjere noko som eg kunne, og burde, ha gjort. Eg burde å reist å for å sjå, så eg kunne ha fortald, kva eg hadde sett.

Ein stund etter at eg kom heim kom dommen mot dei tjuefire fridomsforkjemparane: Ni blei dømde til livstid i fengsel. Fire blei dømde til tretti år. Sju fekk fem og tjue. Tre fekk tjue år i fengsel, og dei to siste blei dømd til den tida dei allereie hadde sitte.

Dei sivile aktivistane blei dømd i ein militær domstol. Advokatane deira klagar på manglande prov. Dei skal ha signerte tilståingane sine i mørkret, med fingeravtrykk, med hendene bunde på ryggen, utan å ha vite om det. No venter dei lange år i fengsel.

Kva kan vi gjere for rettferda? Det første er å snakke. Det er lett å lukke auga, det er lett å halde kjeft. Men skal vi ha det minste sjans til å endre på lidinga i verda, må vi tørre å møte henne, må vi tørre å sjå henne. Det er ikkje lett: Sjølv veik eg unna, fordi det var lettare og meir praktisk, då eg hadde sjansen til å vitne. No har eg ikkje den sjansen meir, men eg kan fortelje om det andre har sett. For stilla er fridomens største fiende. Det ingen veit om, kan ingen kjempe mot.

Kva kan vi gjere? Vi kan nytte dei ressursane vi har. Vi kan spreie orda om at det finst eit folk som ikkje får avgjere framtida til sitt eige land, og som risikerer liva sine i fengsel om dei freistar. Vi kan krevje at politikarane fordømmer Marokko for å ikkje gje desse folka den folkeavstemminga FN og Haag meiner det har rett på, og for å dømme dei i militær domstol, utan ein rettferdig rettargang. Det finst urett, vi kan rope det ut, og vi kan hjelpe kvarandre å handle. For det er alltid lettare å handle når vi er fleire som støttar kvarandre. Vi ropar høgare jo fleire vi er. Og jo fleire som bryt stilla, jo lettare er det å snakke. Å finne den rette måten å reagere, å handle. Så gjeld det, å ta steget, frå tale til handling. Å gjere det vesle ein kan, for folk som går ei mørk tid i møte.

 

Først publisert på Magasinett.no!