Fekk støtte for lokale teoriprøvar

Ungdommens storting går inn for at distriktsungdom skal sleppa å reisa lange vegar for å ta teoriprøven til førarkort. Samferdselsministeren kom med positive signal.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Eg er kjempeglad, seier Anne Bolstad Skålid, leiar i Fyresdal ungdomsråd. Heile Ungdommens storting stemte for forslaget til Fyresdal ungdomsråd om å be Samferdselsdepartementet jobbe med alternative stader å kunne ta teoriprøva på, og opprette pilotkommunar som kan teste ut om dette lar seg gjere.

Tysdag møtte samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) i Ungdommens storting og måtte svare på spørsmålet frå Fyresdal ungdomsråd. Ho svara at fleire forsøkskommunar har hatt positive erfaringar med teoriprøve på alternative stader, og at ho vil forfølgje saka vidare.

LES OGSÅ: – God ide med lokale teoriprøvar

Nøgd
Anne Bolstad Skålid er nøgd med at saka blir tatt med vidare.

– I dag er det muleg å ta båtførarprøve og jegerprøve lokalt. Då bør det òg vera mogleg å ta teoriprøven lokalt, seier ho.

Sjølv måtte 18-åringen reise til Notodden då ho tok teoriprøven. Håpet er at unge vestteler skal sleppe dette i framtida.

– Veldig lærerikt
Anne Bolstad Skålid var ei 55 ungdommar frå heile Noreg som deltok på det andre Ungdommens storting gjennom historia. Måndagen byrja med velkomst av stortingspresident Dag Terje Andersen og miniseminar i debatt- og taleteknikk og om arbeidet i komiteane på Stortinget. Etter dette byrja komiteane arbeidet sitt med dei 55 forslaga som Ungdommens storting skulle ta stilling til.

Anne Bolstad Skålid deltok i komiteen for Miljø og samferdsel.

– Det blei ein del debatt, men det gjekk bra til slutt. Forslaget vann fram som eitt av fire.

Tysdagen var det spørjetime med samferdsels- og kunnskapsministeren og politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet og statssekretæren i Barne-, likestillingss- og inkluderingsdepartementet.

– Det har vore veldig lærerikt, seier Anne Bolstad Skålid om dagane på Ungdommens storting.

Les fleire saker om Ungdommens storting!