Blir betre til å lesa med action-spel
Tolv timar med action-dataspel gjorde meir for dyslektikarar enn eitt år med vanleg lesetrening.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Action-dataspel forbetrar mange delar av den visuelle merksemda, noko som gjer at ein blir betre til å trekkja ut informasjon frå omgjevnadene, seier Andrea Facoetti ved universitetet i Padova i Italia, ifølgjeSciencedaily.com.
Dei italienske forskarane lot elevane som deltok i undersøkinga spela både actionspel og spel utan action. Dei som spelte actionspel klarte å lesa fortare utan at det gjekk ut over forståinga.
LES OGSÅ:– Skytespel er bra for hjernen
Andrea Facoetti håpar at funna deira kan bli brukte til å utarbeida program som kan redusera, eller til og med fjerna, lese- og skrivevanskane blant elevar med dysleksi. Førebels er det ingen godkjent behandling av dysleksi ved hjelp av dataspel, understrekar han.
LES OGSÅ:– Spel kan kutta skulen med to år