Stille elevar får lite hjelp i skulen
Skuleelevar som er sjenert og stille får lite merksemd, viser forsking. Ressursane blir ofte brukt på dei som bråkar mest.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Helsesøster og forskar Lisbeth Gravdal Kvarme seier til Forsking.no at skulen må gjere meir for å hjelpe desse elevane slik at dei ikkje får problem seinare i livet. Det viser seg nemleg at dei stille barna ikkje utviklar sosial kompetanse. Det kan føre til problem som sosial angst, at dei blir mobba, får depresjonar og hamnar i psykiatrisk behandling.
– Desse barna blir forsømt i norsk skule, og det må det gjerast noko med, seier Kvarme til nettstaden.
Ho meiner det er naturleg at skulen set inn tiltak for å hjelpe bråkete og hyperaktive barn fordi dei er eit problem for heile læringsmiljøet i klassen. Men understrekar at det er ein høg pris å betale for dei stille barna som ikkje får hjelp.
Helsesøstertenesta kan vere viktig for å fange opp og støtte barn som ikkje gjer så mykje av seg, men Kvarme peikar på at det då må bli mange fleire helsesøstrer i skulen enn det er i dag. (©NPK)