Medietilsynet: NRK oppfylte alle krav unntatt kravet om 25 prosent nynorsk
NRK oppfylte alle krav til verksemda i fjor, men slit med å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk på radio og nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Også tidlegare har NRK strevd med å oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk på alle plattformer, skriv Medietilsynet i den årlege allmennkringkastarrapporten sin.
I fjor vart delen nynorsk på nett 17 prosent, og på radio enda det med 22,7 prosent, ned frå 26 prosent i 2019.
– Nynorsk-kravet har vore ei utfordring for NRK lenge, og Medietilsynet har konstatert brot på kravet i fleire tilsynsrapportar. Her må det openbert til ytterlegare tiltak for å sikre ein tilstrekkeleg del nynorsk på alle plattformer, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Får ros for norsk musikk
Bortsett frå dette, og tvil om kravet til språklege minoritetar er oppfylte, gir tilsynet NRK ros for å ha oppfylt krava. Spesielt kravet om 40 prosents del norsk musikk i hovudkanalane er meir enn oppfylt med 58 prosent i P3 og 56 prosent i P1 i fjor.
I tillegg skriv tilsynet at kringkastaren har spelt ei viktig rolle under pandemien.
– Tilsynsresultatet viser at NRK omstilte seg raskt for å dekkje det auka informasjonsbehovet til befolkninga, står det i rapporten.