Pensjonsalderen kan bli fjerna

Arbeidarpartiet vurderer å heve alderen for når ein må gå av, til 75 år – eller kanskje fjerne aldersgrensa heilt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje arbeidsmiljøloven me har i dag kan arbeidsgivaren seie opp folk som har fylt 70 utan anna grunngjeving enn alderen.

– I dag fungerer aldersgrensene som stengsel for pensjonsreforma. No kan folk gå av frå dei er 62 til 75 år gamle, og ein kan arbeide ved sida av pensjonen. Aldersgrensene er med å hindre dette, seier pensjonstalsmann i Arbeidarpartiet, Steinar Gullvåg til NRK.

LES OGSÅ: Forgubbinga kan redde verda

Å setje opp pensjonsalderen til 75 år omtaler han som «ein god idé», men han er også open for å gå lenger.

– Mange land har ikkje aldersgrenser i loven. Kanskje skal vi overlate dette til partane i arbeidslivet? Alder bør ikkje vere noko kriterium for å forlate arbeidslivet, seier Gullvåg. (©NPK)

LES OGSÅ: – Bør ha pensjonsalder på 80 år