Ein av to har opplevd digital mobbing

Eitt av ti barn ønskjer å byte klasse som følgje av digital mobbing, viser ei ny undersøking. Tysdag startar Noregs største kampanje mot digital mobbing, Bruk Hue.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje undersøkinga svarer halvparten av barn og unge at dei har opplevd mobbing eller erting på nett eller mobil, og det går verst utover jenter. Meir enn ein av tre norske jenter oppgir at dei sjølv har fått sårande meldingar.

Røde Kors, Barnevakten, Telenor og Medietilsynet står bak kampanjen, som skal gi barn og vaksne verktøy og råd for å førebyggje og kjempe mot digital mobbing.

LES OGSÅ: Tar oppgjer med nettmobbing

Dagleg leiar i Barnevakten, Merethe Clausen Moe, seier kampanjen oppfordrar til dialog mellom vaksne og barn.

– Barn og unge brukar mobiltelefon og internett mykje meir etter at smarttelefonen kom. Dette gjer det enklare å skjule mobbinga for vaksne og gjer det vanskeleg for foreldre å halde oversikt over det digitale livet til barn, seier Clausen Moe.

LES OGSÅ: Nakenbilde og mobbing på Snapchat

I vår vil Bruk Hue-kampanjen ha besøkt 400 skular og ha gitt informasjon til nærmare 120.000 elevar og 22.000 foreldre.

Ifølgje undersøkinga har seks av ti barn som har deltatt i Bruk Hues haldningskampanje sidan oppstarten i 2009, fått kunnskapen dei treng for å handtere mobbing via mobiltelefon og internett. (©NPK)

Kva meiner du skal til for at fleire skal sleppa å bli mobba?