Ap går forbi Høgre på ny partimåling

Arbeidarpartiet snik seg så vidt forbi Høgre og er igjen det største partiet i landet på Dagens Næringslivs partibarometer for januar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap går forbi Høgre

Målinga er den første som er gjort i perioden medan gisseldramaet i Algerie gjekk føre seg. Framgangen kan dermed ha samanheng med at dei spurte har gjort seg opp ei meining om korleis dei norske styresmaktene har handtert denne situasjonen.

Ap får ei oppslutning på 29,6 prosent, ein framgang på 2,2 prosentpoeng, på målinga som er utført av Sentio. Dermed snik partiet seg så vidt forbi Høgre, som får ei oppslutning på 29,5 prosent, tilbake 1 prosentpoeng. Men sidan forskjellen er så marginal, går han også inn under feilmarginen for målinga, som ligg på mellom 0,6 og 3,3 prosent.

SV hamnar igjen under sperrelinja med ein tilbakegang på 1,1 prosentpoeng og 3,9 prosent oppslutning, medan regjeringspartnar Sp går fram med 1,2 prosentpoeng og hamnar på 4,9 prosent. Same oppslutning har KrF, som går svakt fram med 0,2 prosentpoeng.

Framstegspartiet ligg nærmast uendra på målinga med sine 20 prosent, ein tilbakegang på 0,1 prosentpoeng, medan Venstre hamnar på 4,7 prosent, fram 0,3 prosentpoeng.

Raudt får 0,9 prosent oppslutning (minus 1,5) og samleposten Andre får 1,7 prosent, det same som på førre måling. (©NPK)