Slektsgransking kan bli vanskelegare
Nye namne- og familietradisjonar gjer at det i framtida kan bli vanskelegare å driva slektsforsking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er i dag svært store variasjonar på kva etternamn barnet får, anten det er etternamnet til mor eller far, og kombinasjonane kan vera mange, seier Torill Johnsen, leiar i slektsforskerforbundet DIS-Norge til NRK.
Ho meiner det kan bli vanskelegare å forska på slekta når kjernefamilien blir borte.
– Felles namn er på ingen måte sjølvsagt, seier ho.
I tillegg er det usikkert kva folk i framtida får innsyn i.
– I dag har vi ikkje innsyn i folketeljingar etter 1910 på grunn av hundreårsklausulen, seier Johnsen.
Ho peikar på at dei fleste har ei viss motførestelling rundt det å vita alt om kven som barn av kven.
– Det kan også vera at alle ikkje har ei like god kjensle for den tidlegare partnaren sin. Dette kan komplisera slektstrea, seier ho. (©NPK)