Itj, denna Stranda, sjø!
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Dette innlegget er éin av tre vinnarar i skrivekonkurransen til Fridtiov Oos´legat, Framtida.no og Magasinett. 170 bidrag var med i konkurransen.
Vi menneske liker å kommunisere, gjerne med lyder frå munnen. Vi kallar ofte disse lydane for ord, språk eller setningar. I Noreg har vi også eit rikt mangfald av dialektar, men enkelte forskarar fryktar at dialektane er truga og at vi i framtida vil ha landsdialektar. Men er det eigentleg så farleg viss vi alle snakkar likt? Hadde det ikkje berre blitt mykje meir lettvint?
Noreg elskar dialektar. Vi er faktisk galen etter dei. Ifølgje Språkrådet finst det like mange dialektar som det finst stadar der det bur folk. I tillegg har vi to måtar å skrive norsk på; nynorsk og bokmål.
Som den nasjonalromantiske staten vi er, krev Utdanningsdirektoratet at alle elevar i Noreg skal kunne skrive på begge målformene, og ha ei ok oversikt over x tal på dialektar. Tenk for eit styr det er for tallause stakkarslege skuleelevar som kvart bidige år må pugge og repetere apokope meg her og palatalisering meg der.
Er det rart at eg teikna bart på Ivar Aasen i sjuande? Herregud kor irritert eg var på den mannen! Eg hugsar at eg ikkje likte nynorsk og at eg fordømte Aasen for at han berre absolutt måtte leggje grunnlaget for det moderne, nynorske skriftspråket. Det var jo teknisk sett Aasen som hadde skuld i at eg måtte gjere gudane veit kor mange verb-bøyingsoppgåver.
Er det rart at eg teikna bart på Ivar Aasen i sjuande?
Nokre gongar tenkjer eg på korleis Noreg hadde sett ut utan ørten dialektar, og at det sikkert hadde vore ein mykje mindre komplisert kvardag. Endeleg hadde eg skjønt kva ho budeia i Farmen hadde sagt! Vi hadde ikkje trengt å bekymre oss for å ikkje forstå kvarandre på kryss og tvers av landet, for vi hadde berre hatt nokre få dialektar å forstå. Mine tankar går også til våre nye landsmenn som slit med å lære seg eit språk, der sjølv ikkje dei innfødde forstår kvarandre.
Som nordlending sjølv hadde det vore greitt å kunne kalle alle sør for Nordland for søringar. No skal det nemnast at eg allereie kallar alle sør for Nordland for søringar, men eg kunne ha sagt det utan å fornerme nokon. Men kor flott hadde det eigentleg vore utan alle våre kjende og ikkje så kjende dialektar? Er ikkje vi i Noreg kjend for å vere dialektriket?
Vi nordmenn, vi likar å vere stolte av oss sjølv. Eg tvilar på at eg er den einaste som har sett eit program om Noreg på TV, og plutseleg blir eg super nasjonalromantisk og blir mint på dialekta mi og legg til ein par friske, nordnorske frasar.
Dialekta er for mange ein viktig del av identiteten. «Du snakkar bergensk, er du frå Bergen då?» eller «Å, kor fin dialekt du har. Kvar kjem du i frå?» er spørsmål som dei fleste blir litt kry av å få. Dialektar er noko mange tek på alvor, noko ein ikkje tuklar med. Det hadde liksom ikkje blitt heilt det same å høyre ein trønder seie «Itj denna standa, sjø» i spekeskinkereklamen, eller å synge inn jula med Nordnorsk julesalme på austnorsk.
Bestefar pleidde alltid å rette på meg ved middagsbordet då vi åt fisk. «Det hete ikkje fisk, Thea, det hete fesk»
Bestefar pleidde alltid å rette på meg ved middagsbordet då vi åt fisk. «Det hete ikkje fisk, Thea, det hete fesk», brukte han å seie til meg, som den nordlendingen han var. Eg er også nordlending, men dei eldre har gjerne ei litt breiare dialekt enn oss yngre. Oss yngre. Vi som ikkje ein gong snakkar norsk. Vi snakkar berre engelsk, om vi skal tru på dei vaksne.
Kanskje alt styret med kva for ei dialekt vi snakkar om hundre år, berre er unødig fjas. Kanskje vi alle ender opp med å snakke engelsk i staden. «Not this beach», kjem vi til å seie, medan vi jafsar i oss skinke.
Å tenkje på alle dialektane i Noreg er nesten som å gå inne hos ein kjøttforhandlar. Vi har særdeles mykje å velje mellom. Nokre er runde og milde, medan andre er meir kraftige og harde. Nokre er frå ein fjord langt oppi nord, og nokre er frå setra midt i landet. Kanskje har du ein favoritt? Det norske folk har i kvart fall hatt eit godt utval i mange år, og det kjem sikkert til å vere eit godt utval også ein god del år fram i tid. Får berre håpe at ikkje alle blir vegetarianarar.
Kjelder:
https://framtida.no/2018/01/24/i-framtida-kjem-kanskje-alle-til-a-snakke-same-dialekt [14.01.2021]
Dialektriket (2013): https://tv.nrk.no/serie/dialektriket [16.01.2021]
Standaskinke reklame (2019): https://www.youtube.com/watch?v=pFVtkN9ohJQ [16.01.2021]
Talemål https://www.sprakradet.no/Spraka-vare/Norsk/Talemaal/ [19.01.2021]