– Ny opplæring sparer liv
Norsk Automobil-Forbund (Naf) trur at endringane i føraropplæringa i 2005 er ein av dei viktigaste grunnane til at færre unge døyr på vegane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Når tala på drepne i trafikken har gått kraftig ned dei siste åra, meiner Naf det er viktig å få fram at det er den yngste gruppa, risikosjåførane, som har den beste utviklinga. I aldersgruppa 18– 24 år er talet på drepne halvert sidan 2002. Talet på hardt skadde følgjer same utviklinga.
– Det er eit faktum at unge menn er meir utsette for ulykker i trafikken enn andre, men det er svært gledeleg å konstatere at det er ei svært positiv utvikling i denne gruppa, seier kommunikasjonssjef Inger Elisabeth Sagedal i Naf i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Ein av fem gutar gjer som Anders
Ho trur at grunnkurset som vart innført i føraropplæringa i 2004, og den nye læreplanen som kom i 2005, har hatt mykje å seie for utviklinga. Læreplanen legg større vekt på sjølvinnsikt og risiko-oppfatning hos elevane enn køyreopplæringa gjorde før.
Andre forklaringar kan vere at ungdommen i dag har tryggare bilar med meir tryggleiksutstyr.
– Truleg har fleire ungdomsbilar no kollisjonsputer, antispinn og anna sikkerheitsutstyr, seier Sagedal.