I Mosambik er over éin halv million på flukt – no kjem korona
Over 2000 menneske har mista livet i provinsen Cabo Delgado sidan 2017. Landet strir med kolera, syklonar og svolt, i tillegg til korona.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette landet står med ryggen mot veggen allereie og har eit helsevesen som er dårleg rusta for å handtere korona, som no kjem.
Det seier seniorrådgjevar i Leger uten grenser, Jack Herheim, på telefon til Framtida.no.
Svolt, terror, naturkatastrofar og korona
Mosambik er eitt av dei mest katastrofeutsette landa i verda, og strir med fleire store utfordringar samstundes.
Dei siste åra har Mosambik klatra svakt oppover når det gjeld forventa levealder og utdanning, men kjem framleis på 181. plass på FN sin Human Development Index. Det plasserer landet blant dei ti dårlegaste i verda.
I areal er landet i overkant av dobbelt så stort som Noreg, med over 30 millionar innbyggjarar. Barnedødelegheita i landet er framleis høg og nesten 3 av 10 innbyggjarar er underernærte, ifølgje FN.
Mosambik har slite med det Verdas matvareprogram kallar kronisk matusikkerheit lenge, men situasjonen har vorte verre som følgje av manglande regnfall, syklonar, flaumar, sjukdommar og valden nord i landet.
I 2019 råka syklonen Idai landet hardt og tok livet av over 600 menneske. Seinare har fleire syklonar råka landet. Så seint som i januar i år vart landet på ny råka av ein syklon, Eloise, som har kravd fleire menneskeliv og teke med seg over 8800 hus og 26 helsesenter, ifølgje FN.
Marta (25): – Dei rømmer for å redda livet
Landet har fått påvist at dei hadde den sørafrikanske mutanten av koronaviruset allereie i november 2020. Som følgje av dette har talet på koronasmitta og dødsfall eksplodert i byrjinga av 2021.
Ifølgje Worldometeres har Mosambik no 51.800 registrerte smitta og 551 dødsfall.
I hovudstaden Maputo er det no portforbod nattestid, men 25 år gamle Marta Mahumane er mest uroa for valden i nord og dei internt fordrivne landsmennene sine.
Sidan 2017 har over 2000 menneske mista livet i den nordlege Cabo Delgado-provinsen, der islamistiske grupper stadig går til åtak på sivile.
– Situasjonen i Cabo Delgado er ikkje bra. Liv går tapt, kvinner og barn, det gjer meg trist, seier Marta Mahumane via videochatten WhatsApp.
Ho bur Maputo, der ho ved sida av biologistudiane jobbar som frivillig i Amodefa, ein organisasjon for seksuelle- og reproduktive rettar.
Via videochatten fortel ho at det viktigaste verdssamfunnet må ta tak i i heimlandet er situasjonen i den nordlege regionen.
– Barn går tre-fire dagar, ei heil veke, utan å ete noko. Dei rømmer for å redda livet, fortel 25-åringen.
Over éin halv million av hennar landsmenn er internt fordrivne, som følgje av konfliktane i nord.
FN er uroa for Mosambik
Det norske utanriksdepartementet frårår alle reiser som ikkje er strengt naudsynte til den nordlege Cabo Delgado-provinsen i Mosambik. Området har vore prega av valdelege samanstøyt mellom væpna grupper, sikkerheitsstyrkar og sivile i fleire år, men i løpet av 2020 har situasjonen forverra seg.
Private heimar, offentlege bygg, marknadsplassar og sikkerheitsstyrkar har vorte utsette for angrep. Den islamske stat har teke på seg ansvar for fleire åtak, men det er vanskeleg å få fullstendig oversikt over kven som står bak, ifølgje UD.
Over ein halv million menneske er internt fordrivne som følgje av den valdelege konflikta, som har pågått i fleire år. Mange bur i overfylte flyktningleirar og i regionen er det mangel på både mat, reint drikkevatn og grunleggjande helsetenester.
FN er svært uroa over situasjonen nord i Mosambik, som no har vorte endå meir kompleks som følgje av covid-19 utbrotet som breier om seg i landet, som grensar til Sør-Afrika.
Då korona angreip verda i 2020 måtte Mosambik samstundes stri med eit kolerautbrot.
– I tillegg har Cabo Delgado vore ein av dei fattigaste delstatane i Mosambik og er litt gløymd, seier Jack Herheim i Leger uten grenser.
Leger uten grenser-klinikk angripe
Leger uten grenser har vore til stades i landet sidan 1984, men har måtte avslutte prosjekta i Mocimboa og Macomia i Cabo Delgado-provinsen etter at eit helsesenter vart angripe, plyndra og sett fyr på. I alt er over 20 helsesenter og klinikkar øydelagd i konflikta. Organisasjonen jobbar med å bygge opp att og starte opp att aktiviteten i området.
Organisasjonen har mellom anna jobba med hiv, tuberkulose og hepatitt, i tillegg til covid-responsen.
Jack Herheim i Leger uten grenser var sist i Mosambik kort tid etter ein syklon trefte landet i 2019, og vart hindra av koronapandemien frå å dra ned igjen i fjor.
Han er svært uroa for den komplekse konflikta i Cabo Delgado.
– Den har alle element i seg for å bli ei storkonflikt med enorme gassfunn, utbygging av hamnene og anlegg for prosessering av naturgass, forklarar Herheim.
– Den afrikanske naturresursforbanninga
Oljefeltet Mamba South, utanfor kysten av Cabo Delgado, er eitt av verdas største gassfelt.
Ifølgje Bistandsnytt freistar myndigheitene i Mosambik å leggje lokk på hendingane i Cabo Delgado, i frykt for at det skal påverka utbygginga av olje og gassindustrien.
Noreg har sidan byrjinga av 80-talet bidrege med kapasitetsutvikling av forvalting av petroleumsressursane i Mosambik, no gjennom programmet Olje for utvikling (Ofu). Den første oljeutvinninga i landet starta i år 2000, og i løpet av 2010-talet oppdaga ein store gassressursar utanfor Cabo Delgado-provinsen.
Herheim forklarar at det har vore ei forventning i delstaten om at naturressursane skulle føra til det som vert kalla ein «trickle down effect», at det fører med seg fleire arbeidsplassar og auka velstand.
– Men det er den typiske afrikanske naturresursforbanninga, seier Herheim, som peikar på at den kompetansen næringa treng ikkje er å finna i området.
Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Gløymde kriser». Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.