Ella Marie: – Å vere politisk og ung artist har vist seg å fungere bra

Isák-vokalist Ella Marie Hætta Isaksen  ser tendensar til at fleire artistar hevar stemma, men saknar kvinnene.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Desse stormane tek ikkje livet av oss så lenge vi ikkje lèt dei, syng Ella Marie Hætta Isaksen og femnar både klimaspørsmål og samane sin kamp for å verne kulturen sin.

Tekstlinja er henta frå tittellåten til det nye albumet til bandet Isák, kalla «Stormar» – eller «Roasut» og går i sin heilskap slik: «Hald handa mi så vi kan hugse, slik som våre forfedrar har hugsa, at desse stormane ikkje tar livet av oss så lenge vi ikkje lèt dei».

– For meg har den tekstlinja så mange sider ved seg, seier Ella Marie til NTB:

– Det er både ein referanse til stormane ein opplever at samiske kultur står i, og frykta for at den ikkje vil overleve – men også til klimaendringar. Dei er eg veldig redd for; mykje av livet mitt har vore prega av frykta for klimaendringar, av angsten det skaper.

https://www.youtube.com/watch?v=H8IU_4lUAls&ab_channel=NRKP3

Brukar stemma

Då Isák slapp laus debutalbumet «Ealán» i mars 2019, kalla ein meldar musikken deira for «uredd og med noko viktig å melde». For Ella Marie Hætta Isaksen er ikkje den som lèt vere å bruke stemma si.

– Eg har vore aktiv i Natur og ungdom i mange år, sete i sentralstyret, påpeikar ho og legg ikkje skjul på at ho «vart åtvara på førehand» då ho tok engasjementet med seg inn i musikkbransjen.

– Å vere politisk og ung artist har vist seg å fungere bra. Både som same og kvinne er det viktig at eg tek stemma mi i bruk, og bruker ho når det passar meg. Eg har gått ut og oppmoda fleire andre artistar til å meine noko. Og eg synest eg ser fleire som gjer det. Men spesielt på kvinnefronten ser eg at ein framleis er redd for at det ikkje skal selje godt om ein meiner noko. Det må vi bort frå, seier Ella Marie og oppsummerer sin eigen veg slik:

– Heve stemma når det passar seg – og danse undervegs.

– Samiske språk er dei finaste i verda, sjølv om eg er veldig inhabil: Dei har ein fin klang i seg, og det blir poetisk sjølv om det kjem frå ein sterkt politisk ståstad – eller eit sinne, seier Ella Marie Hætta Isaksen, her på Rockefeller-scenen under den samiske nasjonaldagen i 2019. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Ikkje berre til pynt

– Er du musikar først, eller samisk først, korleis balanserer du identiteten din?

– Eg trur alt dette går inn i kvarandre. Eg legg aldri frå meg det å vere samisk, det er grunnsteinen i kven eg er. Kvar gong eg er artist, er eg alltid samisk. Det er ein hatteleik av og til – når ein er miljøforkjempar og samisk aktivist: Kvar stiller eg meg når dei to kjemper mot kvarandre, som dei tidvis gjer i ulike miljøspørsmål? Nei, eg kan aldri i livet leggje frå meg kven eg er.

Ella Marie Hætta Isaksen fotografert då Natur og Ungdom aksjonerte mot gruvedrift ved Repparfjord i 2019.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Samtidig understrekar Ella Marie Hætta Isaksen at ho har «eit veldig bevisst forhold» til det å tene pengar på samisk kultur.

– Eg skal aldri gjere det på kostnad av kulturen min. Derimot vil eg bruke den plattforma eg har fått til å vise at den ikkje berre er pynt. Det føregår ein kamp – kvar einaste dag – for å verne det samiske språket og dei samiske primærnæringane.

Er skremt

For det er eit todelt bilete, ifølgje «Stjernekamp»-vinnaren som vart stemd fram av folket: Samtidig som medgangen er positiv for ulike kulturuttrykk, er trusselen frå storsamfunnet minst like sterkt til stades som i tidlegare tider.

I dag handlar det om alt frå gruvedrift og arealinngrep, til klimaendringar.

– Paradokset i at den som er mest utsett i verda allereie er den som først blir påverka av klimaendringane. Reindriftsnæringa, som er ei veldig berekraftig næring, blir svært påverka. Vi bruker å seie «utan rein finst ingen samar», seier ho – like engasjert som når ho snakkar om Isáks musikk.

– Eg trur reineigarane vil kjenne seg igjen i «Roasut», dei står i mange stormar. Ikkje berre er det krevjande å halde på med rein som treng deg, kvar dag, uansett kor mange minusgrader. Dei må titt og stadig inn i rettssaker for å prøve å stanse naturinngrep, dei må kunne uttale seg i media og vere psykisk sterke for å tole det. Det skremmer meg at vi er i ein slik situasjon.

Ella Marie Hætta Isaksen fortset å bruke stemma si – og plattforma ho har fått etter blant anna å ha vunne «Stjernekamp». Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Samisk søndag

Isák held fram med å blande engelsk og samisk, noko bandet synest gir ein ekstra dimensjon til musikken.

– Det er ein politisk bodskap i seg sjølv – at vi blandar språk. Musikk er eit universelt språk; ein kan forstå veldig mykje sjølv om ein ikkje skjønner alle ord. Det ser vi kvar gong vi står på scena: Folk blir nysgjerrige, dei spissar øyra litt ekstra når dei ikkje forstår orda, seier Ella Marie.

Bandet Isák fortset å blande elektronika og joik, engelsk og samisk, og består av Ella Marie Hætta Isaksen, Daniel Eriksen (t.v.) og Aleksander Kostopoulos. Foto: Patrik Westli

Mens Ella Marie Hætta Isaksen frontar Isák og skriv songane, har ho med seg trommeslagar Aleksander Kostopoulos og produsent og «kapellmeister» Daniel Eriksen.

På vegner av Isák meiner Ella Marie at bandet har funne uttrykket sitt.

– Eg føler absolutt at dette andrealbumet kjem frå ein litt meir sjølvsikker stad. Vi har funne greia vår, vi slår oss litt meir laus enn førre gong, har tort å ta musikken dit vi vil at den skal – utan å tenkje på nokon andre. På dette albumet har vi både strippa heilt ned og laga ein ballade, samtidig som vi har houselåtar som er berekna på å danse til. Store kontrastar og mykje intensitet, og det er det vi liker.

Balladen beskriv ho som «det mest klissete eg har skrive i mitt liv».

– Sånn er det når ein blir forelska!


Amerikanske Thorin (29) lærer meir om sin sørsamiske kulturarv via nett. Han har tradisjonelt samisk fottøy, men vil ikkje ha kofte. Foto: Privat