Svevande mål

Det var ei frygd å sjå karar og kvende i fritt flog att.

Kristin Fridtun
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skisesongen er komen, i alle fall på tv. Sist helg byrja verdscupen i hopp, i Lysgårdsbakken på Lillehammer. Eller Litlehamar, då, om me skal vera pirkete. Same kva: Det var ei frygd å sjå karar og kvende i fritt flog att. For ein idrott! (Ja-ja, no heiter det ikkje idrottpå nynorsk lenger, men idrett. Eg læst ikkje vita om det.) Dei siste åra har det gått sport i å kalla visse idrottar for poesi og liknande, og eg vil ikkje skrika i kor og leggja ut i det vide og det breie om kva litterær sjanger skihopp svarar til. Men eg vil minna om at det norrøne ordet íþróttvart nytta om både lekamleg og åndeleg kunst.

Det er ei kjend sak at idrottsfolk og sportsjournalistar mest som talar eit eige språk, der alle rørsler og fenomen har eit særskilt og ofte underleg namn. Favorittane mine er utan tvil «gå fiskebein» og «luggeføre». Elles er det vel fotballspråket som breier seg mest, til dømes er det inga sak å «ta mannen i staden for ballen» utanfor fotballbana.

Det finst eit slags stammespråk mellom hoppfolk òg. Eg tenkte det kunne vera kjekt å tyda ut eit par omgrep, men eg må gjera lesaren merksam på at det er ei god stund sidan eg hoppa sjølv, so ein del av orda her er sikkert meir eller mindre mosegrodde. Men me hoppar i det:  

å få ski– Dette ordlaget kan synast meiningslaust, ettersom hopparar flest har ski frå før (ofte fleire par), men «å få ski» er noko du gjer i lufta. Her kunne me leggja imot at hopparen må då ha ski før han kjem so langt. Det er rett; som oftast har hopparen spent skia godt på seg på toppen. Vel har det hendt at folk har gløymt å festa hælstroppane til støvlane, noko som gjer at skia flagrar og dett av midt uti lufta. Men «å få ski» er stutt sagt at lufttrykket skuvar skia opp, soleis kan me seia at det fulle ordlaget er «å få skia imot seg».

planke– Kunne vore nytta om skia, men vert heller nytta om hopparar som ligg strake og flate i lufta. Skikkelege plankehopp vert lønte med 20 i stil.

børse– Mykje det same som planke. Tanken er kanskje at hopparen fyk som eit prosjektil.

hengski– Når du misser trykket (jf. «få ski») på den eine skia slik at ho ligg lægre enn hi skia og mest som dreg hopparen mot bakken. I meir alvorlege tilfelle vert trykket på skia heilt borte og ho vrengjer seg bakover og hopparen «tippar» eller «går rundt». Ikkje pent.

skia går – Det er òg noko som hender i lufta, når trykket er ujamt eller hopparen ikkje er i jamvekt eller ikkje strammar rista og resten av kroppen godt nok. Skia går då opp og ned, ofte annankvar gong, slik at det ser ut som hopparen køyrer ned ei usynleg trekkspelløype.

table– Dei amerikanske hopparane kallar hoppkanten table. Det er fint.

kråkehopp– Opplagt: Eit hopp med mykje kaving og veiving i lufta. Ofte heilt ufarleg, men ser veldig dumt ut.

å sitja på tå– Det er å ha trykket for langt fram på foten i ovanrennet. Fører ofte til at hopparen «stuper» eller «rullar på tå» ut av hoppkanten i staden for å «trå frå heil fot». Slik tårulling i 80-90 kilometer i timen kan vera farleg, for ofte held rotasjonen fram uti lufta og hopparen går rundt (jf. hengski).

Det var eit lite utval hoppord. Om nokon lurer på om skihopparar rekk å tenkja i lufta, so er svaret ja. Om nokon lurer på om hopparar bannar høgt i lufta når dei kjenner at hoppet er dårleg, er svaret ja, av og til.

Først publisert i Samlagsbloggen!