Bokmelding: eins pust – enkel, men likevel kompleks
Bokmeldar Jannicke Totland meiner de vakre språket gjer diktsamlinga til Mathias Nyhagen Asplund verd å lese i seg sjølv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2019 vart Mathias Nyhagen Asplund (f. 1988) tildelt Kulturdepartementet sin debutantpris for debutboka hans Der ingen finn oss, ei barnebok om to barn som har det vanskeleg, men som likevel er med på å løfte kvarandre.
No er han ute med diktsamlinga Eins pust, som er hans første bok for vaksne.
Som i Der ingen finn oss, leverer Asplund igjen ei bok prega av eit særeige språk og ei handling som bringer lesaren inn i ei heilt ny verd. I det som kan minne om ei urtid lever menneske tett på naturen, rissar helleristningar i fjellveggar og jaktar dyr med spyd:
Han kjenner spyd
i handa
han kjenner Rein
o Reinen sin
raude fot
i sin fot
Språket er sanseleg, noko som gjer at ein tydleg ser føre seg det som blir skildra. Vidare, ber språket preg av poetiske undertonar. Eit døme på det er frå skildringa av møtet mellom ein mann og ei kvinne:
Ut av lekam kroner
Det skin
der kroppen vaknar
skrik i pust
frå jord
Her opnar livet auga
o skapar far
og mor
Når det gjeld handlinga, blir den etter min smak for vanskelig å gripe då eg hadde vanskar for å forstå innhaldet i kvart einskild dikt. I tillegg til det var det utfordrande å samle dikta saman, sjå dei i lys av kvarandre og finne ein eventuell raud tråd.
Likevel, etter å ha lese dikta om att fleire gongar, forstod eg innhaldet betre. Det tok berre i overkant mykje tid å fordøye dei. I prosessen kom eg på at sjølv om dikta synest komplekse, er det meininga at dei skal vera enkle – nærast primale, noko som står i stil til innhaldet dei skildrar. Det er òg ei forklaring på det ugrammatiske, og til tider usamanhengande språket:
kva elv
i elva
kva eins pust
over
og ut av
vatn
Di fleire gongar eg las dikta – jo betre likte eg dei. Det gjer at dommen min er blanda.
På ei side synest eg dikta er nydelege, på den andre sida forstår eg ikkje meininga. Sjølv om handlinga er kompleks og vanskeleg å gripe gjer det poetiske og vakre språket diktsamlinga verdt å lese i seg sjølv.
Asplund har ein skarp penn og er ein meister på å lage stemningar med få, nøye utvalde ord. Det gjer at sjølv om eins pust ikkje er ein fulltreffar frå mi side, er Asplund likevel ein nykomar eg gler meg til å høyre meir i frå!
Les også: I bokhylla: Mathias Nyhagen Asplund har byrja å elske westernsjangeren
eins pust
Forfattar: Mathias Nyhagen Asplund
År: 2021
Forlag: Cappelen Damm
Sjanger: Lyrikk
Språk: Nynorsk
Sider: 53