Årets norske nyttårsbarn kan bli nesten 110 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den første dagen i 2021 vil over 370.000 nye verdsborgarar bli fødde rundt om på kloden, ifølgje eit estimat frå FNs barnefond (Unicef). Men dei vil få høgst ulike liv og oppnå ulik levealder.

I Noreg antek Unicef at drygt 150 barn vil bli fødde den første dagen i januar. Dei vil truleg få ei lengre levetid enn foreldra og besteforeldra sine.

Nummer 13 på lista

Men sjølv om Noreg som regel hamnar i toppen på levekårsstatistikkar, ligg vi som nummer 13 på lista over forventa levealder, slått av land som Andorra, Sveits, Frankrike, Portugal og Spania og ikkje minst dei nordiske naboane våre Sverige og Finland.

I Andorra er det berre estimert éin fødsel første nyttårsdag. Men det barnet vil ifølgje prognosane kunne oppnå ein alder på heile 119,2 år.

Totalt anslår Unicef at 140 millionar barn vil bli fødde i 2021. Dei blir antekne å få ein gjennomsnittleg levealder på 84 år.

Ulike kår

– Barn som blir fødde i dag, møter ei verd som er svært ulik verda vi levde i for berre eitt år sidan. Vi står midt oppe i ein global pandemi, økonomisk nedgang, aukande fattigdom og større forskjellar, seier Unicef-direktør Henrietta Fore.

I 33 land er forventa levealder for nyttårsbarna over 100 år, ifølgje statistikken som FN-organisasjonen har utarbeidd.

I motsett ende av skalaen ligg Tsjad og Den sentralafrikanske republikk. Her er forventa levealder nede i 61,4 år for årets nyttårsbarn. Deretter følgjer Nigeria med 62,8 år, Sierra Leona med 63,6 år og Sør-Sudan med 64,1 år.


Desse kommunane gjorde det best i årets Kommuneanalyse.
Foto: Fyresdal kommune