Møter motstand i Kongressen
Barack Obama jublar over valsigeren, men treng all hjelp han kan få med eit framleis demokratisk mindretal i Representanthuset.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Fire nye år, skreiv Barack Obama på twitter-kontoen sin klokka 05.16 i natt norsk tid. Obama vann overraskande mange av vippestatane. Før Florida er ferdig å telja opp stemmene, har han allereie vunne 303 valmenn – som er meir enn dei 270 som det er trong for å vinna.
I sigerstalen sin takka Obama alle som hadde brukt stemmeretten sin.
– I kveld, trass i allmotgangmehar voregjennom,trass i allefrustrasjonari Washington,haregaldri voremeir håpefullom framtida vår, sa han. Les heile talen hjå CNN!
LES ALT OM PRESIDENTVALET HER!
Framleis mindretal
Motgangen som Obama har møtt i Representanthuset vil likevel halda fram. Så langt har Republikanarane vunne 227 av dei naudsynte 218 for å få fleirtal. Republikanarane ser likevel til å mista nokre få av dei 242 setene dei har i dag.
– Dette valet løyser ikkje det overgripande problemet i amerikansk politikk – den harde fronten mellom presidenten og det republikanske fleirtalet i Representanthuset, seier Hallvard Notaker til NTB.
Historikaren og forfattaren understrekar at Obama er nøydd til å samarbeide med Republikanarane for å få gjort noko med dei mange og store problema som enno ikkje er løyste:
– Gjelda, budsjettunderskotet, behovet for ei skattereform, trygdereform og kanskje til og med ei eller annan type innvandringsreform – dette er saker med harde frontar, seier han.
Demokratane held likevel på fleirtalet i Senatet, der dei førebels har tatt 3 nye seter.