Skreiv Noregs nest løgnaste

Halvparten av dei ti mest morosame bøkene i landet er skrivne av vestlandsforfattarar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trilogien «Simen», «Bror min» og «Bonden» av Kjell Aukrust er kåra til den mest morosame boka i landet, ifølgje NRK.

I den uhøgtidelege kåra til NRK har lesarane stemt inn kva bøker dei synest er mest morosame.

Erlend Loe, Rolf Sagen og Arnfinn Kolerud peikte seg tidleg ut som favorittar. Ingen greidde derimot å slå den folkekjære teiknaren og forfattaren Kjell Aukrust, heiter det på nettsidene til NRK.

LES OGSÅ: Jakta på Vestlandshumoren

Litteraturmeldar Anne Cathrine Straume trur kombinasjonen av dei karakteristiske teikningane til Aukrust av bygdefolk og dei detaljerte skildringane hans av daglegdagse hendingar med glimt i auga, gjer at folk kjenner seg att og at bøkene hans blir godt mottekne.

Blant dei ti mest lattervekkjande bøker, finn me fem vestlandsforfattarar.

Her dei ni av dei ti mest morosame:
• Springfart ved fjorden av Rolf Sagen

• Når ein først skal skyte nokon av Arnfinn Kolerud

• Doppler av Erlend Loe

• En rekke avbrutte forsøk av Selma Lønning Aarø

• Norsk litteraturhistorie fritt etter hukommelsen av Knut Nærum

• Egalias døtre av Gerd Brantenberg

Få meg på, for faen, Olaug Nilssen

• Den som har begge beina på jorda står stille, Tor Åge Bringsværd

Sjølvmord i skilpaddekafeen, Ragnar Hovland

QUIZ: Kven skreiv boka?