BI-studentar stryk mest
Dei to største handelshøgskulane i landet står for topp- og botnnoteringane i eksamensstryk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her stryk dei mest på eksamen
Nye tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) syner at 7,6 prosent av alle som leverte eksamen i vårsemesteret i år fekk karakteren F. I kvar ende av statistikken ligg dei to handelshøgskulane i landet, Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen og Handelshøyskolen BI.
Medan NHH har ein strykprosent på 3 på bachelornivå, er det tilsvarande talet for BI på landsbasis 15,2 prosent. BI Oslo er ørlite grann betre enn snittet for alle lokalavdelingane til BI, med ein strykprosent på 14,8, skriv studentavisa Universitas.
– Den høge strykprosenten skyldast tøffe kurs på første studieår i matematikk, statistikk og bedriftsøkonomi der det krevst stor arbeidsinnsats for å stå, seier administrasjonssjef Kjersti Gummerson ved BI.
Tala betrar seg for studentar som har kome lenger i studieløpet.
Utdanningsinstitusjonane på Vestlandet er dei som gjennomgåande har den lågaste strykprosenten.
Skulen med lågast strykprosent på bachelornivå er NHH med 3 prosent, medan Trøndelag er vinnaren på masternivå. Høgskolen i Nord-Trøndelag er den einaste i landet med null prosent stryk. (©NPK)