Naturen til den nynorske kulturen
Nynorske litteraturdagar i Aurland demonstrerte at nynorsk skriftkultur er mykje meir enn Jon Fosse og Olav H. Hauge.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kulturfest i fjordlandskap
Der verda kjem inn i fjorden: I turistsesongen kjem det opp mot 15000 turistar innom vesle Aurland – kvar einaste dag. Det er ein unntakstilstand som varer halve året: Ei tidobling av folkesetnaden i kommunen, og litt av ein kulturmøtestad. Så sluttar kinesarane og tyskarane etter kvart å fange fjella med vidvinkellinsene sine. Eplehagane får stå i fred i oktober, før Flåm, heilt inst i fjorden, med eitt vert fyllt opp av fleire hundre lesande og skrivande menneske. Hadde turistane vore her under Nynorske litteraturdagar i slutten av oktober, hadde dei sett kor rikhaldeg den nynorske litteraturfaunaen er.
Her får du presentert høgdepunkta frå litteraturdagane, frå N, via Y-N-O-R-S, til K.
Agnes Ravatn spelte ei av hovudrollene på Nynorske Litteraturdagar i Aurland. Foto: Eirik Gilje
Nynorsk skriftkultur: Med ungdommeleg optimisme på vegne av nynorsk språk og litteratur opna Agnes Ravatn Nynorske litteraturdagar framfor ein fullsett sal med kulturtanter på gamle Fretheim Hotell. Ho heidra den nynorske skriftkulturen av i dag:
– Nynorsken står sterkare enn nokon gong: Mellom 2000 og 2008 debuterte 93 forfattarar på nynorsk. Og frå 2008 til i dag kan vi legge på 40-50 til. Både i skjønnlitteraturen og i sakprosaen har det aldri vore meir nynorsk enn no. Ein av fem brageprisvinnar skriv på nynorsk. Det har òg vore ein jamn auke med kvinnelege debutantar", slo ho fast i opningstalen sin.
Og etter tre dagar med fullspekka program til endes, var det ingen tvil om ho hadde rett.
Arnhild Litleré framførte tekstar av Fosse og Hauge på Nynorske litteraturdagar. Foto: Eirik Gilje
Ymist: Den nynorske litteraturarva har mange heltar. Frå melankolske menn som er foreviga i litteraturhistorier, til sjølvironiske samtidsforfattarar som nyttar nynorsken til å skildre det nære og kvardagslege. Mellom fjella i Aurland handla det om begge delar, men mest om det siste.
På festivalens første dag vart orda til Olav H. Hauge og Jon Fosse varsamt spikra opp på veggen, så og seie, til tonane av kjenslevar jazz. Så kunne Olaug Nilssen ta over og snakke om kjøkkenbenkrealisme og småbarnfamilier sine tidsklemmer. Ho spørte seg sjølv:
– Eg må erkjenne at eg likar å bake småkaker. Det gir meg glede i min kvardag, og skal eg late vere å gjere det berre fordi det er ein del av ein kvinneklisje?
Olaug Nilssen i passiar om tidsklemma på Nynorske litteraturdagar. Foto: Eirik Gilje
Nettopp kjøkkenbenkrealisme og folkekultur var sentralt for mange av forfattarane som var inviterte til Aurland. Matentusiast og kokebokforfattar Gunda Djupvik viser at det nynorske språket både kan vere svært saftig og velsmakande i hennar nye bok, Safting og sylting, og på litteraturdagane diska ho opp med live-sylting.
Gunda Djupvik lagar eplemos på Nynorske litteraturdagar. Foto: Eirik Gilje
Humorist og forfattar Linda Eide tok utgangspunkt i boka og artikkelserien Oppdrag Mottro, og snakka rundt historia til morosame svart-kvitt-fotografi frå gamle dagar, medan Agnes Ravatn delte av sine kunnskapar om vedkjenningslitteraturen i norske vekeblad.
Linda Eide med Mottro-show på Nynorske litteraturdagar. Foto: Eirik Gilje
Ordleik og basketak var metodene Kristin Fridtun brukte i Aurland for å kome under overflata på ord og uttrykk frå kvardagen. Ivar Aasen-entusiasten Fridtun er nett ute med boka Norsk etymologisk oppkok, og den unge språkvitaren skapte entusiasme og latter i Aurland kring historia bak mangetydige ord og rare ordtak, ein latter som berre vart overgått av Arnfinn Koleruds høgtlesing frå boka Kom ikkje inn i mitt hus på søndagen.
QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?
Kristin Fridtun i samtale med Jan Olav Fretland på Nynorske litteraturdagar. Foto: Eirik Gilje
Underfundige Fridtun meinte at det "skapet" ein gøymde seg i før ein stod fram som homofil eller transperson, måtte vere av typen "sjalusiskap", som ein berre ser ut gjennom. Og då var vegen kort til å tenke at uttrykket "skjelett i skapet" kan nyttast om ein skeiv person "som har sitte alt for lenge i skapet", i følgje Fridtun.
Rasisme vart eit viktig tema i samtalen mellom ungdomsbokforfattar Lars Mæhle og forlagssjef i Skald, Simone Stibbe. Mæhle er nett ute med ei ny bok, Fuck off i Love you, som tek opp i seg ein 22/7-tematikk. I samtalen kom det fram at Mæhle meiner at han ikkje kan kritiserast for å vere for overtydelig pedagogisk når han skriv om at små marginar og tilfeldigheiter kan få uante konsekvensar, den såkalla «Sommarfugleffekten».
– Eg ville ta opp dei viktige spørsmåla i denne forma for å engasjere ungdomen, og for å få dei til å reflektere rundt problemstillingane, sa Mæhle.
Anna R. Folkestad med høgtlesing på Nynorske litteraturdagar. Foto: Eirik Gilje
Små barn fekk også fekk også si dose litteratur i Aurland. Den nynorske barnelitteraturen held jamn god kvalitet, noko som viser att både popularitet og den heider og ære den får. Anna R. Folkestad, Nhu Diep, Anne Viken og Atle Berge hadde lesestund for omlag 20 ivrige barn, i ein populær seanse der variasjonen og kvaliteten i en nynorske barnelitteraturen verkeleg kom til syne, skal ein døme etter publikum sine reaksjonar.
Kultur er både noko du har, noko du er og noko du kan oppleve. Nynorske litteraturdagar i Aurland var og ein festival der også musikalske uttrykksformer var godt representerte. Kabaret Makaber spelte forrykande musikk med eit tekstunivers prega av lærdalsdialekt og eksistensielle spørsmål, humor og spørjande absurditet.