70 prosent av nye selskap borte etter fem år

Kun tre av ti føretak etablert i 2005 var framleis aktive fem år etter. Selskapa som overlevde dei første fem åra, auka likevel sysselsettinga med 400 prosent i desse åra.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

47 prosent av aksjeselskapa som blei etablert i 2005, var framleis i drift i 2010, mens berre 22 prosent av enkeltpersonføretaka overlevde i same periode, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Sannsynet for at eit føretak overlever, aukar med størrelsen på føretaket i etableringsåret. 71 prosent av føretaka som hadde fem eller fleire sysselsette i 2005, var framleis aktive fem år etter.

I Sogn Fjordane var det flest føretak som overlevde, der fire av ti føretak framleis var aktive i 2010. I Oslo derimot, var det berre 25 prosent av føretaka som blei etablert som overlevde.

 

LES FLEIRE SAKAR OM ENTREPENØRSKAP HER!