Mo Yan får Nobels litteraturpris

Den kinesiske forfattaren Mo Yan er tildelt Nobels litteraturpris for 2012.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får Nobels litteraturpris

Prisen blei kunngjort av Svenska Akademiens Peter Englund som seier at forfattaren gir eit unikt innblikk i eit unikt miljø på ein unik måte. Han seier også at Mo har eit unikt språk, og at du straks kjenner han igjen når du les ei halv side.

– Med hallusinatorisk realisme kombinerer han soger, historier og samtid, heiter det frå grunngjevinga til juryen.

57 år gamle Mo Yan har vore ei kritisk røst gjennom mange epokar i Kina, men er likevel akseptert av regimet. Namnet hans er eigentleg Guǎn Móyè, men han har tatt forfattarnamnet Mo Yan, som betyr "ikkje snakk".

Mo Yan har ofte blitt samanlikna med forfattarar som Franz Kafka og Joseph Heller. Han ble fødd i Gaomi i Shandongprovinsen i Kina i 1955 som son av bondeforeldre.

Fleire av bøkene hans er omsett til norsk av forlaget Gyldendal. Det er «Rødt korn», «Store bryster og brede hofter» og «Livet og døden tar rotta på meg».

QUIZ: Kva veit du om tidlegare vinnarar av Nobels litteraturpris?