370.000.000.000 til 1.300.000 nordmenn utan jobb

Tidlegare Ap-topp vil ta eit oppgjer med trygdeutviklinga.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får 370.000.000.000

Neste år reknar staten med å bruke 370 milliardar kroner på å lønne 1,3 millionar personar som ikkje jobbar. No ønskjer leiar Stein Lier-Hansen i NHO-foreininga Norsk Industri å ta eit oppgjer med trygdeutviklinga.

På sju år har trygdebudsjettet auka med 50 prosent. Lier-Hansen meiner dette er ei håplaus utvikling.

– Dette problemet har kome i skuggen fordi vi i Noreg har hatt pengar nok til å la systemet gå rundt, seier han til Vårt Land.

Gode trygdeordningar gjer at mange ikkje er motivert til å jobbe, meiner den tidlegare statssekretæren i den første regjeringa til i Jens Stoltenberg.

– Det gjer noko med oss psykisk at staten har så mykje pengar. Mange går i fella og tenkjer at dei kan leve fint på trygd, seier Lier-Hansen.

LES OGSÅ: Nordmenn er mest trygda i verda

Han meiner problemet handlar om at stadig færre er i jobb. I tida den raudgrøne regjeringa har sete har kostnadene til folketrygda auka med 123 milliardar kroner, eller 50 prosent. Til samanlikning har det totale statsbudsjettet i same periode auka med 30 prosent. Dermed tyder mye på at trygda nordmenn får ein stadig større del av pengane som staten sit på.

Lier-Hansen understrekar at det er viktigare å stimulere folk til å jobbe enn å kutte i trygdene.

– No må ein sjå på korleis trygda faktisk blir stimulerte til å gå tilbake til arbeidslivet. Samfunnet må leggje betre til rette for at dei med restarbeidsevne kan gå inn i den type oppgåver dei kan klare. Dette er eit samfunnsproblem meir enn for den enkelte bedrift, seier Lier-Hansen.

LES ALT OM STATSBUDSJETT HER!

Nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Karin Andersen (SV) meiner tala gir eit feilaktig bilete. Det meste av auken har samanheng med at vi blir stadig eldre og får meir i pensjon, noko som er bra, meiner ho. (©NPK)

Er det heilt naturleg at trygdeutgiftene veks, meiner du? Kva bør eventuelt gjerast for å stimulera til at fleire folk blir i jobb?