Sikrar pengar til språkfeiring

Språkåret og Det norske Teatret får meir pengar gjennom statsbudsjettet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa løyver 6,5 millionar kroner til gjennomføring av Språkåret 2013. – Eg er glad for at regjeringa satsar så solid på Språkåret, seier prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk. 

– Ambisjonane våre for Språkåret er høge, og vi ønskjer å inkludere nye grupper. Vi skal gjere det vi kan for å realisere planane våre med dei midlane vi no har, seier Sæterbakk.

LES OGSÅ: Vil markere Språkåret i heile landet

Stor interesse
Regjeringa har bestemt at 2013 skal vere eit nasjonalt språkår. Målet er ei raus,inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Nynorsk kultursentrum har fått i oppdrag å gjennomføre det store prosjektet, og prosjektleiaren melder at programmet veks kvar dag. Frå november er heile sekretariatet på tre personar på plass i Ivar Aasen-tunet.

– Interessa for Språkåret 2013 blir berre større og større, og det er svært inspirerande å drive fram dette prosjektet, seier Sæterbakk.

– Hadde vi fått meir, ville vi greidd å bruke dei, for tiltakslista er lang. No veit vi at vi kan få til svært mykje.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Opning 2. januar
Språkåret 2013 blir opna onsdag 2.januar med ei festførestilling i Kilden kulturhus i Kristiansand. I den byen hadde Det Norske Teatret den første framsyninga si på dagen hundre år tidlegare.

Det norske Teatret har òg fått ei ekstraløyving for 2013. Teatret får 800.000 kroner ekstra i samband med jubileumet.

Måndag legg regjeringa fram statsbudsjettet, og måndag klokka 14, kallar Hadia Tajik inn til pressekonferanse om kulturbudsjettet. Følg med på nett-TV!