Regjeringa set av 25 milliardar til koronahandtering i statsbudsjettet
Regjeringa kjem til å setje av omtrent 25 milliardar kroner til å handtere koronapandemien neste år, melder VG.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dei siste månadene har vist oss at koronapandemien ikkje er over enno. Vi vil gjere det som trengst for å få Noreg trygt gjennom koronapandemien også neste år. Derfor kjem vi til å bruke omtrent 25 milliardar kroner til å handtere pandemien neste år, seier statsminister Erna Solberg (H) til VG.
Helse, kollektiv og politi
Statsministeren ville likevel ikkje avsløre mange detaljar om korleis dei 25 milliardane skal fordelast.
– Detaljane vil de få vite når vi legg fram statsbudsjettet onsdag, men eg kan seie at vi vil bruke mykje pengar på helsehjelp og beredskap i helsesektoren. Og ikkje minst til vaksinar. Men også pengar til grunnleggjande tenester som kommune, kollektivtransport og politi. Det skaper tryggleik og tillit i ei krevjande tid, seier Solberg.
650 millionar til grensetesting
Frå før er det mellom anna kjent at regjeringa vil bruke 3,8 milliardar kroner til vaksinekjøp, 1,1 milliardar til eit beredskapslager for legemiddel og 650 millionar til testing ved grenseovergangar.
I tillegg skal politiet få 500 millionar kroner slik at dei kan gjere dei mellombelse stillingane som vart oppretta på grunn av koronapandemien, permanente. 60 millionar skal gå til tiltak mot einsemd og isolasjon blant eldre.