Heidra for kamp for klimaoffer

Raftoprisen går til miljøforkjemparen Nnimmo Bassey (54) frå Nigeria.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nigerianske miljøforkjemparen Nnimmo Bassey (54) har fått Raftoprisen for 2012. Bassey er styreleiar i organisasjonen Friends of the Earth International.

Gjennom mange år har Bassey arbeidd for å redusere skadeverknadene av oljeutvinninga i heimlandet sitt, og han har engasjert seg på mange plan i det internasjonale miljøarbeidet. I Nigeria har han gjennom mange år vore leiar for miljøorganisasjonen Environmental Rights Action.

– Nnimmo Bassey viser i praksis kva parolen "Tenke globalt, handle lokalt" er verdt. Han mobiliserer verda rundt for å motivere andre til å bidra i den globale kampen for menneskerettar. I tillegg bruker han mykje tid på grasrotnivå i sitt eige land for å lytte til og lære av lokalbefolkninga sine tankar og fortellingar, skriv Raftokomiteen i grunngjevinga si. 

QUIZ: Kva veit du om klima og klimaendringar?

I 2010 fekk Bassey prisen The Right Livelihood Award – også kjent som «den alternative nobelprisen».

Raftoprisen er ein menneskerettspris som har som mål å setje søkjelyset på gløymde konfliktar, overgrep og på personar eller miljø som treng og fortener merksemd i verda. Fleire av vinnarane av Nobels fredspris er først "oppdaga" av Raftopriskomiteen.

Nnimmo Bassey på ein demonstrasjon i heimlandet sitt på verdas miljødag tidlegare i år. FOTO: Wale Obayanju/ERA