Norske bønder mest subsidiert
Støtta til bøndene i industrilanda er no den lågaste på mange tiår.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lågaste støtte på mange tiår
Rapporten som Organisasjonen for samarbeid og utvikling (OECD) la fram onsdag, viser at nivået på landbrukssubsidiar nesten er halvert dei siste 30 åra.
Landbruksstøtta i OECD-landa er no på eit historisk lågmål.
Det har vore nedgang også i Noreg, men norske bønder er altså dei som får den største delen av inntekta si i form av subsidiar, skriv Nationen.
QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?
Landbruksstøtta utgjorde 60 prosent av inntekta i åra 2009 til 2011. OECD konstaterer at det trengst større innsats for å redusere delen produksjonstilknytt støtte og auke marknadstilgangen.
Dei einaste landa som har auka subsidiane er Sør-Korea og Israel. Sør-koreanske bønder er òg blant dei mest subsidierte i verda, og får halvparten av inntektene sine frå staten.
Bør bøndene i Noreg få endå meir i landbruksstøtte?