Trena på sivil ulydnad

Natur og Ungdom arrangerte i helga aksjonscamp i Vevring i Sogn og Fjordane for å kjempa mot Nordic Mining sine planer om sjødeponi i Førdefjorden.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her lenkjer dei seg fast

Laurdag trena rundt 70 aktivistar og lokale motstandarar på sivil ulydnad. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Natur og Ungdom, Anja-Merete Sletten Reknes deltok på lenkjeøvinga saman med dei andre aktivistane frå fylket.

– Me er samla til aksjonscamp i Vevring for å visa regjeringa at me er klare til å lenkja oss dersom gruveselskapet Nordic Mining får løyve til å dumpa enorme mengder gruveavfall i Førdefjorden. Me trena på sivil ulydnad i dag for å førebu oss på eventuelle aksjonar, seier Sletten Reknes.

Frå heile landet
På aksjonscampen var det aktivistar frå heile landet som er klare til å vera med i lenkjegjengen dersom regjeringa gjer løyve til sjødeponiet.

– Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell skal vita at i denne saka pustar 7000 ungdomar han i nakken, og om han og Regjeringa overkøyrer miljøhensyna og gjer gruveselskapet Nordic Mining løyve til å dumpa enorme mengder gruveavfall i Førdefjorden, vil me svara med å lenkja oss fast til anleggsmaskinane, fortel Sletten Reknes.

Les saka i Sogn Avis!