Rekordmange forsøkte seg på teoriprøven til førarkortet
I juni, juli og august var det 68.342 som tok teoriprøven til førarkortet. Det er 20.731 fleire enn same periode i fjor.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekordmange forsøkte seg på teoriprøven til førarkortet – men mange strauk
At så mange tok prøven, var trass i krav om færre personar i teorirommet for å halde ein meters avstand, melder Statens vegvesen.
– Vi heldt stengt fem veker i vår på grunn av korona, og jobbar på kveldstid og helg for å auke kapasiteten. I midten av september reknar vi med å ha gjennomført like mange teoriprøvar som same tid i fjor, seier avdelingsdirektør Frode Børstad.
Sjølv om rekordmange ville teste sine trafikale teorikunnskapar, var det 25.365 som strauk.
– Med ein strykprosent på 37 er det tydeleg at mange tek for lett på teoriprøva. Fleire tek teoriprøva før dei er klare, berre for å sjekke korleis dei ligg an. Det har vore stor etterspurnad etter teoriprøvar i sommar, og vi hadde ønskt at kandidatane stilte betre førebudde slik at fleire fekk tatt teorien, seier avdelingsdirektør Frode Børstad i Statens vegvesen.
Vegvesenet minner om at teori og praksis heng saman, og at om ein har øvingskøyrd i trafikken, er det lettare å forstå teorien. (©NPK)