«Eg er skeiv, men eg er ikkje stolt. Dessverre»
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Hei!
Eg heiter Kristine. Eg er 20 år, kristen, vegetarianar og … skeiv.
I fjor jul var eg hjå frisøren på heimstaden min, ein liten by på Karmøy med litt under 8000 innbyggjarar. Eg hadde med meg ei bok, og på framsida av boka var det bilete av to jenter som kyssa. Eg hadde ikkje tenkt særleg over coveret tidlegare, men plutseleg vart det veldig synleg.
Med den boka på bordet følte eg at eg like godt kunne stilt meg midt i salongen og ropt ut «Eg er annleis!».
Før eg rakk å reagere på kva eg hadde gjort, hadde eg snudd boka opp-ned. Sånn vart den liggande resten av frisørtimen.
Eg hadde aldri tenkt noko særleg over at det heiter Pride. Det har liksom berre vorte eit namn på ein parade, ei rørsle og ein månad som vert bruk til å setje lys på LHBTIQ sine utfordringar og rettar.
Først no i det siste har eg tenkt på at ordet betyr stolt. Eg er ikkje stolt. Dessverre. Eg har veldig lyst til å vere det, men av ein eller annan grunn kjenner eg på ei skam.
Eg er ikkje stolt. Dessverre.
Skam er eit stort ord, men det er det eg har lyst til å bruke.
Det var skam eg kjende på den dagen eg snudde boka hjå frisøren.
Det er også skam eg kjenner på kvar gong nokon på Karmøy spør meg om eg har møtt ein søt gut i Oslo. Eg svarar nei, men eg kunne ha retta på dei og sagt at eg likar jenter. Og ja, eg har møtt nokon. Fleire faktisk. Ikkje at det har fungert, men ja.
Oslo Pride var noko eg hadde gleda meg til i fleire år før eg flytta til Oslo. Det var berre noko med tanken på å stå saman med så mange menneske, og i alle fall vere stolt av det eg står for – sjølv om eg ikkje klarar å vere stolt av meg sjølv endå.
For meg handlar det eigentleg ikkje så mykje om stoltheit, som det handlar om å ikkje skamme meg. Difor er det vanskeleg å forstå dei som oppriktig meiner at vi ikkje treng Pride.
Når ei jente fødd i år 2000 har ein så internalisert skam over noko så vanleg, er det i alle fall noko som må gjerast.
Pride trengst for å normalisere det som dessverre framleis vert sett på som annleis. Folk som dei tidlegare handballspelarane Gro og Anja Hammerseng-Edin gjer ein viktig jobb ved å berre vere to profilerte kvinner som snakkar opent om mellom anna familien sin.
Eg er klar over at det å vere lesbisk ikkje er unormalt, og dette gjer at eg skammar meg over at eg skammar meg. Ein slags metaskam. Difor var det veldig vondt at det ikkje var Oslo Pride i år, fordi det hadde vore fint å endeleg få vere ein del av ein folkefest kor alle kan feire at dei er som dei er. Utan skam.
Eg skammar meg over at eg skammar meg.
Etter så mange år på ein heteronormalisert stad.. Eller stryk det. Noreg er heteronormalisert, småstadar i Noreg er ikkje heteronormaliserte. Dei er berre hetero. Ein snakkar ikkje om noko anna.
Poenget er at eg treng normalisere dette for meg sjølv, og det er det sikkert fleire som treng òg.
Difor treng vi meir snakk om LHBTIQ på skulen.
Vi treng Pride.
Vi treng skeive, offentlege personar, og vi må normalisere fleire familietypar.
Det er grenser for kva eg kan gjere, men neste gong eg skal til frisøren så skal eg la boka mi ligge med coveret opp.
Med stoltheit.