Rombarn på «spesialskular»
Å setje rombarn i klasser for psykisk utviklingshemma er normal praksis i land i Aust-Europa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Klassekampen. Det tsjekkiske utdanningsdepartementet opplyste i førre veke at 26,4 prosent av elevane på såkalla «spesialskular» er romfolk. Det er mot 35 prosent for to år sidan, ifølgje avisa Prague Daily.
Les òg: Moralisme på tomgang
I 2007 vann ei europeisk borgarrettsgruppe for romfolk, European Roma Rights Center, ei sak i den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg mot tsjekkiske styresmakter. No vil gruppa gå rettens veg mot praksisen som likevel eksisterer i dag, trass i at dommen i 2007 slo fast at det er ulovleg med slik diskriminering på eit etnisk grunnlag. Også i Bulgaria, Romania og Slovakia blir rombarna sett i klasser for psykisk utviklingshemma når dei byrjer på skulen.
Les òg: Antirasisme skal inn i skulen
Likevel viser ein britisk studie av tilflytta rombarn frå Tsjekkia og Slovakia busett i Storbritannia, at 85 prosent av dei som var med på undersøkinga som hadde blitt sett på skuler med psykisk utviklingshemma i oppnådde resultat «rett under gjennomsnittet « trass i språkproblem. (©NPK)