Raudgrønt stortingsfleirtal viss kvinner fekk velje
Dersom kvinnene var aleine om å stemme, hadde det vorte raudgrønt fleirtal på Stortinget, viser berekningar TV 2 har gjort basert på målingane til no i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvinnene vil ha Jens
På målingane frå TNS Gallup får Arbeidarpartiet ein oppslutnad på 35,9 prosent blant kvinnene og er med det klart størst. Samstundes får Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti 5,5 og 5,4 prosent. Dermed hadde «kvinnenes Storting» hatt 85 av 169 mandat frå dei raudgrøne partia, fortel TV 2.
Dei borgarlege hadde fått eit klart fleirtal dersom menn var dei einaste veljarane. Blant dei er Høgre største parti, med 31,2 prosents oppslutnad. Saman med Framstegspartiet (19,5 prosent) ville partiet hatt 91 mandat og eit solid stortingsfleirtal. (©NPK)