Slik ser den nye skulekvardagen og -avslutninga ut verda over
Verda over er elevar og studentar på veg tilbake på skulebenken og skal feira avslutta skulegang. Sjå bileta av korleis det ser ut.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredag 13. mars stengde norske skular og barnehagar, noko som førte til mange lange dagar med heimekontor og heimeskule.
Ikkje før 27. april var dei minste elevane og nokre yrkesfagelevar tilbake på skulen. Først frå 11. mai opna skulane for alle norske elevar, men det er ein annleis kvardag. Eksamen er for lengst avlyst, elevane må halde avstand og russen jobbar framleis med å ta att den tapte feiringa.
Russefeiring i Noreg
Årets russekull har fått sjeldan mykje omtanke, mellom anna av helseminister Bent Høie, som takka dei spesielt i sin tale til ungdommen.
Russetida er vanlegvis ferdig 17. mai, men politiet fortel at russen er seige denne våren og no samlast i større grupper for å feire.
Privatisteksamen i idrettshall
Då regjeringa avlyste alle eksamenar på grunn av koronakrisa frykta mange for dei 8000 privatistane, som har brukt året til å førebu seg til sine 19.000 eksamenar.
– Regjeringa må lage ei forsvarlig ordning for privatistar, lynraskt. Dei kan ikkje forvente at ungdom skal sette eit heilt år på vent, sa påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Kristin Schultz, til VG.
Det vart det og slik ser ein norsk privatisteksamen ut under koronakrisa 2020:
Graduation i USA
USA har framleis flest koronasmitta i verda, noko som påverkar årets avgangskull.
Avgangsseremoniane er ein stor overgangsrite i amerikanarane sitt liv og mange er frustrerte over virtuelle avgangsseremoniar.
På Change.org er det tusenvis av underskriftskampanjar knytt til graduation-seremoniane, der mange tek til orde for å utsetje heile feiringa. Nokre gjennomfører likevel nesten som planlagd.
Høgare status for sjukepleiarstudentar
I Noreg har rekordmange søkt høgare utdanning og heile éin av fire har helsefag som førsteval. Éin av ti søkarar til høgare utdanning i Noreg har sjukepleie som førsteval, melder NRK.
Verda over får helsefagarbeidarar applaus, noko som òg påverkar helsefagstudentane.
Stengte skular og gratis skulelunsj i USA
I USA varierer koronatiltaka frå stat til stat, men dei fleste statane anbefalte tidleg i mai å ikkje opne skulane før sommaren.
Det betyr at millionar av amerikanske barn framleis må ha undervisning heime og mange fryktar konsekvensane for dei fattigaste. I Texas deler dei difor ut skulemat til elevar, som ikkje kjem på skulen før sommarferien.
Skulane opna i Wuhan, Kina
I den kinesiske storbyen Wuhan i Hubei-provinsen, der det nye koronaviruset først vart påvist, kom dei eldste elevane tilbake på skulen 6. mai 2020.
Millionbyen vart sett i streng karantene i 76 dagar, som vart letta i byrjinga av april. Då 57.000 vidaregåandeelevar fekk kome tilbake på skulen i Wuhan 6. mai hadde ikkje Kina hatt nye dødsfall og få smittetilfelle dei tre siste vekene.
Før dei kunne kome tilbake på dei 121 skulane som opna måtte alle ta virustest, samt få målt temperaturen i døra.
Eksamen i Tyskland
Medan norske elevar og studentar har fått avlyst alle skuleeksamenar denne våren, fekk tyske elevar kome på skulen for å ta eksamen medan skulen var stengt.
I byrjinga av mai opna landet skulane for undervisning igjen. Her sit eksamenskandidatane i trygg avstand til kvarandre iført munnbind, medan skulane framleis var stengde for undervisning.
Urtemedisin på Madagaskar
Det er 14 veker sidan det første Covid-19-tilfellet i Afrika vart dokumentert i Egypt og pandemien har no for alvor skote fart på afrikanske kontinenten med over 100.000 smitta.
Tala tyder likevel på lågare dødelegheit i Afrika, noko Verdas Helseorganisasjon (WHO) meiner skuldast både ein låg gjennomsnittsalder på befolkninga og rask respons frå myndigheitene.
I Madagaskar har president Andry Rajoelina lansert urtedrikken Covid Organics (CVO), som han meiner kurerer Covid-19. Naturlækjemiddelet er basert på søt malurt og utvikla av Malagasy Institute of Applied Research og distribuert vidare til fleire afrikanske land. Verdas helseorganisasjon (WHO) åtvarer på sine nettsider om bruk av søt malurt i behandling av malaria og Covid-19, sidan det ikkje har dokumentert effekt.
Sosial distansering i Nederland og Belgia
Nederland opna skulane sine samstundes med at dei fleste norske elevar kunne kome tilbake på skulen måndag 11. mai.
Men i Nederland har den sosiale distanseringa eit meir fysisk uttrykk. Fleire skular har montert opp glasveggar ved pultane og denne rektoren møtte elevan sine med eit tydeleg signal om sosial distansering.
Også i nabolandet Belgia, der ei 12 år gammal jente i mars vart det yngste dødsofferet for Covid-19 i Europa, opna skulane igjen i mai.
Då elevane på ein barneskule i Brussel var tilbake på skulen 18. mai fekk dei utdelt reine munnbind, markerte avstandar med kjegler og antibac på hendene.