IOC vil fri til unge

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjennomsnittsalderen for dei som ser på OL er i dag 39 år. Vi er ikkje misnøgd med oppslutninga, som er formidabel, men vi ynskjer at òg dei yngre skal vere oppteke av det som skjer, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg til Bergens Tidende.

Han fryktar at det til slutt berre blir gamlingar som er oppteke av OL.

– Vi kjenner eit ansvar for å engasjere ungdomen, som i stadig aukande grad er meir oppteke av dataspill. Vi ynskjer å få dei bort frå datamaskina.

– Det viktigaste er stadig å leite etter øvingar som skal passe betre for dei yngre. Vi følar at programmet vårt ikkje treff aldersgruppa 16 til 24 år godt nok. Det er viktig å finne idrettar som dei yngre føler er deira eigen kultur.

Les òg: Den farlege kvardagskroppen