Skandalar verst for kvinnelege politikarar
Mediedekninga av skandalar slår hardare ut mot kvinnelege politikarar enn mot mannlege, viser ei ny svensk doktorgradsavhandling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skandalar verst for kvinner
Når kvinnelege politikarar er hovudpersonar i skandalane, blir det skrive dobbelt så mange artiklar, og mediedekninga av skandalen går føre seg lenger enn når mannlege politikarar er i søkjelyset.
Dessutan er tonen i mediedekninga meir tilgivande når hovudpersonane er menn.
Det kjem fram i doktorgradsavhandlinga til den svenske forskaren Tobias Bromander ved Linnéuniversitetet, fortel Sveriges Radio.
Bromander har studert mediedekninga av 92 politiske skandalar på ulike nivå mellom 1997 og 2010 i dei store Stockholms-baserte avisene.
– Det er i alle fall inga ulempe å vere mann i ein politisk skandale, seier han. (©NPK)