Ariana Grande, Robert De Niro, Ryan Reynolds og andre kjendisar over heile verda, brukar no sin status til å be folk om å bli heime for å hindra spreiing av koronaviruset.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Di fleire som er heime, di færre blir smitta. Difor skal me alle halda oss mest mogleg heime og ha minst mogleg kontakt med andre, ifølgje Folkehelseinstituttet og Verdas helseorganisasjon.
No har kjendisar over heile verda teke til sosiale medium for å oppmoda sine følgjarar til å gjera nettop det: bli heime.
Millie Bobby Brown
16-åringen som vart kjend for heile verda gjennom rolla som Eleven i Stranger Things, har no vore i isolasjon i 11 dagar. Ho er sjokkert etter å ha sett folk på fest, i parken og større forsamlingar gjennom nyhetene på TV.
Se dette innlegget på Instagram
Ariana Grande
Pop-stjerna Grande (26) oppmodar sine følgjarar på Twitter om å ta dette på alvor, og la til:
like your hip hop yoga class can fucking wait i promise
— Ariana Grande (@ArianaGrande) March 15, 2020
Taylor Swift
Også songstjerna Taylor Swift (30) har teke til sosiale medium og delte mellom anna dette på sin Instagram-story: – Dette er tida for å isolera seg mest mogleg.
Danny DeVito
Den 75 år gamle skodespelaren minner på at unge folk kan bli smitta og smitta eldre folk.
– Og plutseleg er ikkje eg her lenger! seier Devito, i denne Twitter-meldinga delt av New York-guvernør Andrew Cuomo.
Danny DeVito wants you to stay home and save lives.#NewYorkStateStrongerTogether @DannyDeVito pic.twitter.com/7V8yXbqHwB
— Andrew Cuomo (@NYGovCuomo) March 22, 2020
Justin Bieber
Superstjerna Bieber (26) deler ein film frå Italia der nokon speler John Lennon-klassikaren Imagine frå ein balkong, og minner om at ein kan vere smitta uten å vita det – og difor bør halda seg heime og vekke frå grupper med andre menneske.
Arnold Schwarzenegger
Skodespelar og tidlegare guvernør i California, Arnold Schwarzenegger (72) ber folk om å bli heime så mykje som mogleg, i kanskje den raraste og søtaste filmen på denne lista. Kven hadde ikkje blitt heime med slikt selskap?
Stay at home as much as possible. Listen to the experts, ignore the morons (foreheads). We will get through this together. pic.twitter.com/FRg41QehuB
— Arnold (@Schwarzenegger) March 16, 2020
Snoop Dogg
Rappar Snoop Dogg (48) blir heime og ber andre om å gjere det same.
https://www.facebook.com/CAgovernor/videos/729200040951096/
La La
Skodespelar og TV-menneske, La La Anthony (38), seier at om du bryr deg om dine eldre, og alle andre, så blir du inne.
Listen to La La! Stay home. Save lives.#NewYorkStateStrongerTogether #NewYorkTough @lala pic.twitter.com/RvRsFWfG22
— Andrew Cuomo (@NYGovCuomo) March 23, 2020
Robert De Niro
Skodespelar De Niro (76) seier at me alle må bli heime, for å beskytta seg sjølv, andre og alle eldre du er glad i.
Robert De Niro is watching you. Stay home. Save lives.#NewYorkStateStrongerTogether pic.twitter.com/WgAsBuIrKk
— Andrew Cuomo (@NYGovCuomo) March 23, 2020
Ben Stiller
Skodespelar Ben Stiller (54) snakkar til unge som tenker at dei kan halda fram som før, og seier det kun fungerer om alle er med på dugnaden. Han slenger på ei oppmoding til å prøve å læra seg noko nytt:
Ben Stiller agrees:
Stay home. Save lives.#NewYorkTough @RedHourBen pic.twitter.com/c3fC45NWyR— Andrew Cuomo (@NYGovCuomo) March 22, 2020
Justin Trudeau
Statsminister i Canada, Justin Trudeau (48), ber om at alle bidreg for å halda flest mogleg friske og trygge ved å: vaske henda, bli heime, halde to meters avstand, ikkje å samla seg i grupper.
https://www.instagram.com/p/B-GFDF8g9GU/
Ryan Reynolds
Statsminister Trudeu utfordra også andre til å dela same beskjed, mellom anna skodespelar Ryan Reynolds (43).
Se dette innlegget på Instagram
Seth Rogen
Reynolds utfodra komikar og skodespelar Seth Rogen, som også delte bodskapen om å bli heime: – Det er ikkje det verste ein kan bli bedt om.
Se dette innlegget på Instagram
Michael Bublé
I denne evige canadiske utfodringsringen, er også silkemjuk-songar Michael Bublé (44) representert: – Ver så snill, gjer din del og bli heime.
John Legend
Popstjerne John Legend (41) inviterte sine følgjarar inn i stova saman med barna og Chrissy Teigen, for å spreie musikk og oppmoda til sosial distansering.
Også Chris Martin i Coldplay, Charlie Puth, Niall Horan, One Republic, Amy Lee frå Evanescence har gjort det same gjennom GlobalCitizen og WHO sitt initativ om å vera #Togetherathome.
Kevin Bacon
Skodespelar Kevin Bacon (61) har laga #Istayhomefor og oppmoda andre til å dele kven dei held seg heime for.
Emma Watson, Demi Lovato, Julia Roberts, Mariah Carey, Anne Marie, Perrie Edwards, Sam Smith, David Beckham, Elton John og mange fleire har kasta seg på utfordringa.
Else Kåss Furuset
Her heime er det særleg eitt bidrag som må med: bestemor til Else blir 96 år og har berre eitt bursdagsønske: bli heime.
Og du?
Hugs å vaska hender, halde avstand og ikkje helse på folk som du pleier.
Lurer du på meir om koronaviruset finn du oppdatert informasjon på fhi.no og helsenorge.no.