Ville laga nettavis for bønder
Dersom han fekk styre pengestøtta til norske medier, ville Nettavisen-redaktør Gunnar Stavrum laga nettavis for bøndene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I eit intervju med Journalisten.no understrekar Nettavisen-redaktøren at mediestøtta bør gå til journalistikk, framfor papirindustrien og Posten.
Fordyrande med papir
Stavrum meiner bransjen treng ei omstilling, slik at statsstøtta ikkje går til papir, postombering og andre fordyrande mellomledd.
– Legg ein saman resultatet til alle norske papiraviser ser ein at det er statsstøtta som gjer at dei er lønsame. Dei som seier at det ikkje har blitt nokon andre og betre modellar hoppar over at det er statsstøtta som gjer modellen leveleg. Sjølv for dei mest lønsame avisene, som Dagens Næringsliv, så er det verdien av momsfritaket som gjer at dei har pluss. Hadde du hatt same statstøtta på digitale medier, så hadde vi vore lønsame så det held. Alle i Noreg har Internett i dag, seier Stavrum til Journalisten.
LES OGSÅ: Folket støttar bøndene
Stavrum trur vi ville fått mykje betre journalistikk om vi hadde lagt støtteordningane i andre retningar.
– Mediestøtta bør gå til det ein ynskjer å støtte, nemleg journalistikk. Eg vil ha støtte til journalistar og ikkje til ei særskilt formidlingsform. Mediane kunne til dømes fått høve til å føre skattefrådrag for kostnadar til å lage journalistikk. Eg trur Aftenposten, VG og Dagbladet kan få like mykje statstøtte som i dag, men dei burde fått det på ein effektiv måte, seier redaktøren.
Støtte til journalistikk
Ved å gjere momsfritaket om til journalistikk-støtte trur Stavrum mediestøtta kunne vore meir effektiv.
– Tenk på Nationen. Dei får 25 millionar kroner i produksjonstilskot, i tillegg til momsfritaket. Det er sinnsjukt mykje pengar. Nationen skal treffe tjue til tretti tusen bønder i Noreg. Det er ei oppegåande yrkesgruppe, som alle har PC. Dersom eg hadde fått i oppgåve å lage noko som kommuniserer med norske bønder, så hadde ei papirdagsavis som må distribuerast med bud og post vore det siste eg tenkte på. Sjølv om ein skal støtte ei slik meiningsdanning, forstår vi jo at vi må gjere det mykje meir effektivt, seier Stavrum.
LES OGSÅ: Pressestøtte også til digitale medium
Han meiner Nationen er ei viktig og legitim røyst.
– Eg meiner Nationen burde få massiv støtte til å leggje om til ein meir framtidsretta modell. Dei kunne eigentleg fått like mykje pengar som før, men midlane skulle då gått til journalistisk arbeid, seier Stavrum.