Arbeidde for SOS-barnebyar

Ved å jobba ute i bedrifter har elevane ved Husnes ungdomsskule klart å samla inn over 45.000.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne våren bestemte elevrådet ved ungdomsskulen at dei ville gjera noko bra for born og ungdom andre stader i verda. Dei kom fram til at dei ville støtta SOS-barnebyar sitt arbeid for å betra vilkåra til fattige born, og skulen oppretta adopsjonsavtale med barnebyen i Malawi, Blantyre.

– Gjennom adopsjonsavtalen skal vi samla inn minimum tre tusen kroner kvart år, men vi har samla inn over 45.000,- i denne omgangen. Det er utruleg flott at vi har klart å samla inn ein så stor sum første gongen vi gjennomfører dette, og at alle dei 300 elevane på skulen har bidrege, seier elevrådsleiar Martha Tveito.

Elevane skaffa seg arbeidsplassar, og jobba ein heil dag for å samla inn pengar. Nokon jobba i bedrifter, andre i butikkar, og nokre tok arbeid heime hos familie eller slekt.

Les saka i Kvinnheringen her!