Krev høgkommissær for ufødde
Ungdomsorganisasjonar jobbar for ein FN-høgkommisør for framtidige generasjonar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Krev kommissær for ufødde
Ungdomsorganisasjonen Spire er tilstades på klimakonferansen for å kjempe for framtidige generasjonar sine rettar. Ei av dei viktigaste sakene dei jobbar for er å få ein eigen FN-høgkommissær for framtidige generasjonar.
– Sidan Rio-konferansen i 1992 har me snakka om rettane til framtidige generasjonar, men vi har endå ikkje etablert nokon institusjon som har i oppgåve å sørgja for at rettane deira blir ivaretatt. Rio+20-konferansen er tidspunktet for å gjere dette, seier Mari Gjengedal som er i Rio for Spire.
Spire jobbar saman med ei stor gruppe av andre frivillige ungdomsorganisasjonar.
Generalsekretæren i FN, Ban Ki-Moon, ber ungdom lage bråk for få fortgang i Rio+20-forhandlingane.
LES OGSÅ: Filma regntida som aldri kom
– Rio må rokke
Toppmøtet om berekraftig utvikling finn stad i Rio de Janeiro frå 20. til 22. juni.
Spire har tre representantar som skal vera i Rio frå 10.-29. juni. Under slagordet “Rio Må Rokke” har dei engasjert ungdom i berekraftig utvikling og oppfordra dagens unge til å stille krav til norske politikarar.
– Me har snakka med ungdomen, og det er tydeleg at dei er oppteke av framtida og er bekymra for kva for ei retning jorda er på veg, seier Siv Maren Sandnæs, ein av Spires representantar i Rio.
QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen vår!
– Konferansen har mottoet “Framtida vi vil ha” og me meiner leiarane i verda må lytta til ungdom, seier Mari Gjengedal.
– Vi vil aldri oppnå berekraftig utvikling om vi ikkje tek omsyn til framtidige generasjonar, legg Siv Maren Sandnæs til.
Seier nei til auka liberalisering
Dei to andre sakene som Spire skal kjempe for i Rio er rettferdig handel og berekraftig jordbruk. I forhandlingsdokumentet for Rio+20 blir lagt det opp til at frihandel og auka liberalisering er naudsynt for å sikre utvikling i fattige land.
– Dette meiner me er ein påstand utan forankring i røyndomen. Sidan dei store pengeinstitusjonane vart pådrivarar for liberalisme som eit middel for utvikling på 1970-talet, har skilnaden mellom dei rikaste og fattigaste blitt over 30 gonger større, seier Mari Gjengedal.
LES OGSÅ: Ungdom trur på ei rettferdig verd
Lobbar mot Kina og India
– No jobbar me med lobbing mot statar som ikkje endå har uttrykt vilje til å støtte punktet om høgkommissær, og den største jobben er å overtyde G77. Nokre land i G77 er positive til forslaget, men sidan G77 berre har ei stemme gjeld det å påverke dei viktigaste landa i gruppa. India og Kina er viktige aktørar i gruppa, men vanskelege å kome gjennom til. Mange i G77 synest forslaget om å opprette ein høgkommissær for framtidige generasjonar verkar som ein vestleg idé og det skremmer dei nok litt. I tillegg er mange land i G77 mest opptekne av å kome godt ut av diskusjonane om grøn økonomi og tek seg ikkje tid til å vurdere forslaget vårt skikkeleg, fortel Siv Maren Sandnæs til Framtida.no.
– Konkret jobbar me no med å finna ut av korleis me kan nå fram til delegasjonane frå viktige land i G77, me prøver å gå gjennom ungdomsdelegasjonar og andre kontaktar som me kan ha, seier ho.
LES OGSÅ: 663.000.000 færre ekstremt fattige
Kaotisk
Stemninga i Rio no er kaotisk og prega av forvirring, fortel Spire-representantane.
– I dag er første dagen av dei siste forhandlingane før sjølve konferansen som startar 20. juni og det er enno tidleg å seie korleis utfallet blir.
Forhandlingsrundane som har vore tidlegare har jo gått veldig treigt og me håpar verkeleg på at statane no byrjar å forstå at det hastar og at ein ikkje kan bruke tid på å krangle over små detaljar. Me prøver å vera optimistiske og står på så hardt vi kan sjølv om det ser vanskeleg ut til tider, seier Sandnæs.
– Når det kjem til utfallet av toppmøtet håpar me sjølvsagt på at me får overtydd G77 og at paragraf 80 om høgkommissær blir godteke og ståande i utfallsdokumentet som skal heite "The future we want". Det aller beste hadde vore om me kunne ha fått styrkt teksten i paragraf 80, me synst at denne teksta er for lite konkret. Me vil at han skal seie at ein høgkommissær for framtidige generasjonar skal opprettast. Per no står det at ein skal vurdere å opprette ein representant på høgt nivå for berekraftig utvikling og framtidige generasjonar.