I bokhylla: Erlend Skjetne les medan han ser på tv
Norsklæraren og poeten meiner ingenting i fjernsynet er så krevjande at ein ikkje kan lesa samstundes.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Til min sambuars milde frustrasjon har eg vaklevorne stablar av oppslegne bøker overalt i huset. Øvst i stabelen på nattbordet ligg for augneblinken I skyggen mellom trærne, ei svært interessant bok av Torgeir Ekerholt Sæveraas.
Erlend Skjetne (31) er norsklærar, forfattar og skribent for Framtida.no. Les nokre av tekstane hans her!
Nyleg vart han nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktsamlinga Skare, som kom ut på Flamme forlag.
I det høvet var det på sin plass å ta ein kikk inn i bokhylla hans.
Kva bøker les du helst?
Alle bøker som kan lære meg noko nytt! Så kanskje like mykje sakprosa som romanar og noveller. Ikkje minst prøver eg å fylgje med i samtidslyrikken.
Kor les du?
Som småbarnsfar må ein vera pragmatisk. Det blir ein del på bussen, og når eg innimellom reiser lengre vekk. Forresten er ingenting i fjernsynet så krevjande at ein ikkje lesa ei bok medan ein ser på det.
Kva bøker vart lesen til deg som liten?
Eg er oppvaksen i ein temmeleg religiøs familie, så det gjekk ein god del i barneversjonar av bibelhistorier. Men det eg hugsar aller best, er nok at far min las Robinson Crusoe for meg. Den klassikaren trur eg kan vekkje eventyrlysta jamvel hjå dei aller blodfattigaste ungar.
Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?
Her vil eg nytte høvet til å takke ein norsklærar eg hadde på ungdomsskulen, Bjørnar Solvang, som var freidig nok til å prakke på meg Dostojevskijs Forbrytelse og straff. Då eg var ferdig med den, fylgde han opp med Brødrene Karamasov. Det var fantastiske å få bryne seg på noko slikt, du slette tid.
Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?
Det er mange! Som lyrikar skulle eg gjerne ha skrive Inger Christensens Alfabet. På grunn av ei spesiell interesse for nordområda, og ein viss kompetanse på Lars Levi Læstadius, skulle eg òg gjerne ha kome Mikael Niemi i forkjøpet med fabelaktige Koke bjørn. Vonar det kan skje i ein annan dimensjon.
Kva meiner du gjer ei bok god?
I ei diktbok drøymer eg om å finne eit ekstremt treffsikkert språk, tydingstett, konkret og biletmålande. I prosaen leitar eg etter noko uvanleg, noko eg ikkje har sett omtalt før, iallfall ikkje på ein liknande måte.
Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
Eg er glad i Oskar Matzerath, hovudpersonen i Blikktrommen av Günter Grass. Mange ikring han trur han er enkel, men i røynda er han ein briljant observatør med utruleg god humor. Han er mykje flinkare enn meg til å vera på rett stad til rett tid i historia, men eg ser på han som ein kjær slektning og eit førebilete.
Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
Her gjeld det å unngå slike som meg sjølv. Det bør vera nokon med eit verkeleg interessant liv, så eg prøver Jack London eller Paul Celan.
Om du berre skulle ha lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
Det bør jo vera ein med stor produksjon, viss ikkje blir det fort keisamt. Eg vender attende til Dostojevskij, han er min nummer éin.
Boka di vert film – kven spelar hovudrolla?
I boka Skare er det to hovudpersonar, ein mann og ei kvinne. Av mannlege skodespelarar er det eigentleg berre éin eg alltid har likt, og det er sjølvsagt Bjørn Sundquist, som vil passe aldeles ypparleg i bokas noko polare landskap. Han får spela mot Kristina Kiberg, ein dyktig skodespelar frå Trondheim, med røynsle mellom anna som sjukehusklovn. Det blir ein formidabel aldersforskjell, men eg trur ikkje Sundquist får nervesamanbrot av den grunnen.
Erlend Skjetne
Alder: 31
Frå: Melhus, bur i Trondheim
Yrke: Norsklærar for nye nordmenn
Aktuell med: Gav ut diktsamlinga Skare i 2019
Lesemengd: Umogleg å seia, men med alle diktsamlingar inkludert, kanskje 50-60 bøker per år.