Piratnedlasting gir dyre billettar
Prisnivået på pop- og rockfestivalane i sommar har aldri vore høgare – grunnen er piratnedlasting.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det melder NRK, som har gått gjennom prisane på festival- og dagspass til åtte av dei mest populære festivalane, blant dei Norwegian Wood, Slottsfjell, Hove, Øya og Bukta.
Konklusjonen er at det i snitt kostar 198 kroner meir for eit festivalpass ved sju av dei største festivalane i landet i sommar enn for to år sidan. Kun på Storås er prisen den same i år som i 2010.
– Publikum har seg sjølv å takke, seier Bylarm-sjef Joakim Haugland om det rekordhøge prisnivået på sommarfestivalane i år. Han seier til NRK.no at dette er prisen for at så mange laster ned musikk ulovleg:
– Publikum har seg sjølv å takke, seier Bylarm-sjefen som dei rekordhøge prisane.
– Platebransjen har heile tida sagt at produkta deira kostar å produsere. Til sommaren betalar festivalgangarar dermed for den ulovlege nedlastinga. (©NPK)