Vi går aldri åleine

Ikkje for å skryte, men eg har vore i Stavanger denne veka. Der lærte eg to ting. Det er ikkje dårlig på ein såpass kort tur.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det eine eg lærte var at sjølv no, etter at massemedia har sørga for at vi alle har tilgang til den same informasjonen samtidig, sjølv no er det av og til sånn at folk i ein del av landet kan vere ekstremt opptatt av ein ting, som ingen andre i landet bryr seg om, eller veit om.

Til alle mine lesarar utanfor Rogaland kan eg fortelje at det folk i Stavanger er opptatte av no, er Mods.

Mods ja.

Ikkje vêret. Ikkje sommarferien. Ikkje fotball-EM.

Nei. Mods.

Mods er eit band frå Stavanger. Eller: Mods var eit band frå Stavanger. Mods er bandet Morten Abel var vokalist i medan han framleis heitte Knutsen til etternamn og før han begynte å synge merkelig engelsk på fulltid. Mods eksisterte i nokre få år på starten av åttitalet, og er mest kjent for «Tore Tang», ein song som det etter alt å dømme blir undervist i på trubadur-høgskulen.

Mods er saman igjen og har konsert i Stavanger denne helga. På Viking Stadion. Som er utselt. Nesten 25 000 skal sjå Mods. Arrangøren trur dei kunne selt 40 000 billettar. Det er bortimot ein tredel av innbyggartalet i Stavanger. Det er som om Kjøtt skulle selje to hundre tusen billettar i Oslo.

Det er dette alt handlar om i Stavanger no. Og eg meiner alt. Vi snakkar daglige førstesidesaker i Stavanger-avisene. Med siste nytt frå prøvene og rigginga. Er bandet i form? Er humøret på topp? Har arrangørane kontroll? Ser scena bra ut? Vi snakkar eigne bilag i helgeavisene. Med historisk oppsummering av karrieren og kjentfolks Mods-minne.

Folk seier ikkje «Hei» til kvarandre på gata i Stavanger no. Dei seier «Fått billett?» eller «Skal du?». Ikkje «Skal du på Mods-konserten?» Det er heilt unødvendig. Alle veit kva du snakkar om. I Stavanger og omeign. Og ingen andre plassar.

Eg blei naturligvis smitta. Eg begynte å leite fram Mods-songar på nettet (og registrerte at Rogaland hadde sørga for at samlealbumet til Mods akkurat då var landets mest nedlasta). Og eg kjende at eg fekk meir og meir lyst til å oppleve dette. Eg er ein sucker for store anledningar. Eg ville elska å sjå og høyre tjefemtusen rogalendingar gå amok i fellesskap.

Men eg kunne ikkje det. Eg skulle vidare. Og eg skulle vidare med fly.

Og det var slik eg lærte det andre eg lærte på denne turen: Så lenge folk får beskjed, så er folk veldig flinke til å tilpasse seg. Overraskingar er det verre med.

For det var jo vektar-streik. Derfor sjekka eg naturligvis med flyplassen dagen før avreise om det var kø i vente. Det er best å møte opp minst to timar før avgang, var beskjeden eg fekk.

Så då gjorde eg det. Eg og alle andre.

Og du verden. Folk var førebudde på venting. Her var det ingen sure miner. Her var innstillinga: Det finst ikkje lang ventetid, det finst berre dårlige førebuingar. Folk hadde med matpakke og termos. Klappstolar og sitteunderlag. Det blei delt ut bollar og kaffi, og vi forsynte oss rikelig. Folk nikka og smilte og sendte kvarandre blikk som sa «Dette fiksar vi. Litt venting har vel aldri nokon hatt vondt av.» Rett framfor meg stod ein forretningsmann av den sorten som alltid har dårlig tid. Han hadde med seg ein tjukk roman. Ein thriller. Han smilte då han opna boka. Dette hadde han gleda seg til. Han hadde stått opp midt på natta og dratt ut til flyplassen i purkotta for å stå i kø i to timar og endelig få tid til å lese.

Og så, omtrent ti minutt seinare, var vi gjennom sikkerheitskontrollen. Og der stod vi, på andre sida, med uetne bollar og lunka kaffi og halvfulle matpakkar og termosar og såvidt påbegynte thrillarar. Der stod vi, og tenkte:

Jaha? Og kva skal vi gjere no? Det er ein time og femti minutt til flyet går.

Dette hadde ingen førebudd oss på. Der var på den andre sida vi skulle vente. No ante ingen kva dei skulle gjere.

«Dette gjekk jo radig,» sa eg til forretningsmannen. Eg kan vere ein satan på small talk når eg berre vil.

«Det er i morgon det kan bli eit helvete,» sa han.

Eg nikka. Helga kunne bli ille. Dette hadde eg lese om. Opptrapping. Mykje charter-turar.

«Det kjem til å klikke for meg,» sa forretningsmannen, «viss eg ikkje rekk tilbake til konserten.»

Stod først på trykk i Aftenposten 9. juni.